torsdag 8. november 2012

Scientific Anglers. GPX Hover. Vinterline til sjøfiske...


Scientific Angler`s, GPX Hover, er ei knall line til vinterperioden.
Sjølv om me ikkje heilt hadde trua når me lånte denne lina med oss frå Bergen Aktiv, før fisket i forige veke, så skulle den uansett testast ut.

Me har fleire gonger hørt at den eine etter den andre lina skulle være meget bra til kalde vinterdager, men ca 70% har vært bortimot uduglige.
Dei blir stive, harde og lite behagelige å kaste med, og ikkje snakk om spiralvasen som me kaller den!!!

Bilete: Stort håp gjennom eit lite vindu...


GPX Hover derimot funker heilt idèelt.
Den blir ikkje stiv som tråden på ein kantklipper og den er behagelig å kaste med sjølv om det var kaldt.
Det står i enkelte annmeldelser at denne lina er veldig god til raske stenger og det stemmer sikkert, men den er like behaglig på rolige stenger.
Den har ikkje ein veldig markant og tung klump som dermed gjør det mulig og holde masse line i lufta viss dette er av interesse.
 Samtidig så kan du presentere streamerene/ rekene fint uten masse bråk ved nedlegget.

Det som faktisk er viktig å tenke på viss du vil kjøpe denne lina, er at den klassen som det står på lina,  bør du også forholde deg til når det kjem til stanga !!
Når me gjekk opp ein klasse på stanga iforhold til lina, så fekk ein følelsen av at lina blei litt for lett.


Det er berre ein liten ting som er dumt!! Den legger seg berre rett i underflaten... Me kunne veldig gjerne tenkt oss ei line som var like behagelig på vinteren, men med tyngre synkegrad.
Jaudå me har jo Airflo 40+ som også er ei knall line på vinteren, men problemet med den er, den dårlige cotingen og at den no i våre dager desverre kjem i heslige farger!!
Ikkje det at fisken bryr seg, men som ein seie.
" Har ein ikkje trua på det ein fisker med, så får ein heller ikkje fisk!! " 


Prisen på lina er 698.- noke som er okey med tanke på at bortimot alle liner ligg på den prisen idag, og sjølv om me kunne tenkt oss ei litt tyngre line, så glede eg meg til å fiske inne på grunne strandsoner både vinter og vår etter sjøørreten med denne lina :o)


Skitt fiske frå oss 2 :o)  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar