onsdag 7. september 2011

Vestlandet på sitt beste... havabborjakt

Klokka var 0600 Mandags morgen. Kajakkane var atter sjøsatt. Lufttempen var 15 grader og sjøtempen 12.
Regnet datt ned med ein slik kraft at ein nesten trudde at vadeutstyret kom til og bli gjennombløtt før ein viste ordet av det, men viss ein såg vekk i frå slike små detaljer, så var det ein flott morgen :0)

Dette var Arild sin siste dag med fiske før turen gjekk tilbake på jobb, og vår plan var å tilbringe den på sjøen på jakt etter Havabboren  :0)

På veg mot fiskeplassen, såg me null overflateaktivitet av interesse.
Litt brisling var det som viste seg, men etter 3 min så kunne ein bekrefte at denne lille gjengen foreløpigt fekk svømme i fred uten predatorer som var ute etter litt snacks.

Etter 3 timer med ca 1 tonn med makrell og eit par flotte lyr, var det påtide med ein kopp kaffi og litt frukost.



Arild hadde endå ikkje klart og lure mr.Bass og det gjorde det heller ikkje betre når han plutselig høyrer min latter.

Eg ligger ca 20 mtr frå fjellet. Det ligger ein del rullesteiner i området, og det er jo ikkje akuratt negativt.
Eg har satt på ein Orange clouser i str 2. Og intermediet line. Legger det første kastet kloss til fjellkanten. Begynner inntrekket. Små hurtige rykk " BANG " Det smeller i stanga... Hmm okey, kva var det??
Vel inne så ser eg ein liten lyr som kommer etter. Akuratt!! Typisk.. Lyren kommer opp frå det intet og prøver og ta min lille uskyldige clouser.

Nytt kast på samme plass. Lar clouser synke litt før eg planlegger inntrekket. Men idet eg begynner inntrekket, så merker eg at det er nåke i den andre enden.
Det første som slår meg er at ein lyr har tatt clouseren på veg ned, men når denne lyren plutseligt bestemmer seg for og rase nedover og utover, så skjønner eg at dette ikkje er lyr.
Dagens første havabbor er eit faktum. DEILIG!!
Sjølv om Arild sikkert hadde lyst til å både grina og skrika, så var han fort i området med kamera for og ta bilde av denne skjønnheten :0) 


Etter utsettingen så var me begge enige om at det no var Arild sin tur neste gong.
Men desverre så gjekk det ikkje slik for han :0(

Det var nesten full flo. Vinden hadde no begynnt å herja.
Eg klatra opp på ein liten men bratt holme, for å kunne fiske av området rundt. 
Arild hadde latt vinden styra seg avgårde, så han såg eg ikkje lenger.

Etter fleire kast der makrellen og lyren ikkje klarte og la clouseren være i fred, så blei det heilt stillt??
Det var nesten som om nåken hadde skrudd av fiskebrytaren.
Også " BANG" 
Det var null tvil. Havabbor nr.2 for dagen hadde tatt clouseren med ein slik kraft at ein nesten blir nervøs, men fyf**n så morsomt :0) 



Etter eit kjapt bilde kom det frå Arild " Du får alltid fisk du!! Eg får ingenting!! Han var ikkje sur, berre veldigt frustrert og skuffa.

Han plasserte seg i kajakken. Rodde seg ut til ein holme som forsvinner når floa kommer.
Han satte på ein rød jiggi. Og begynnte å fiske av området rundt.

Eg som gjorde eit desperat forsøk i vinden igjen, skulle ikkje få fred lenge.
Eg syns eg høyrde ein liten plystre lyd etter følt med eit rop " Jonny!!"

Eg snudde hovudet og såg stanga til Arild i 90graders vinkel.
Endelig!! Arild hadde fast fisk. Absolutt fortjent etter så mange timra og turar uten hell :0) 

Men så blir det litt kaos. Havabboren som har tatt Arild sin jiggi kommer opp i overflaten, men lina er ein heilt anna plass?? abboren har tulla seg inn i tangen og gjort at lina har hengt seg opp.
Etter litt stress, så klare han å styre abboren tilbake samme veien i retning håven (som stoppet på 2kg blank)  Korken blir løsnet fra ganen og er trygt i fingergrepet til Arild :0)








Gliset til den mannen etter at abboren er satt tilbake til det fri, er akkurat som om du skulle fortalt ein 6 år gammel gutt at det er julafta om 2 dager. Det gjekk frå øyre til øyre, og det skjønner eg utrulig godt!!

Grattis kompis :0)

" La meg forklare litt betre korleis det kjennes ut når mr.Bass finner ut at han vil ta.
Tenk deg at du fester lina di fast i ein bil. Tar bind for augene dine. Nokon setter bilen i fri og av med håndbrekken. Du begynner inntrekket. Og etter litt, så møttes bilen og lina kverandre og det e berre bomstilt!!! Og ved det første utraset, så får ein nesten litt panikk!! Ka faen gjør eg no. Og det svaret er enkelt!! La abboren få gjøre som den vil, for du klare ikkje og holde den igjen med rå makt ;0)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar