torsdag 8. september 2011

Clouser.

Dette er ein strimer som er utrulig god på mange fiskeslag. Me bruker denne mest på : Lyr, Torsk, Sei, Sjøørret og no også Havabboren som me kommer til å bruke ein del tid på framover :0)

Denne kan fiskes med på fleire metoder. Små kjappe inntrekk, lange dorske inntrek (skal då imitere ein skadd fisk) eller kontinuerlig inntrekk med stanga under armen. (Imiterer då fisk under rømmning.)

Bindebeskrivelse:

* TMC 811S str 4-2.
* Timeglass.
* Superlim.
* Bucktail.
* Krystalflash
* 3D fiskeøyner
* Bindetråd etter smak.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
* Fest inn timeglasset først med fleire gode turn med bindetråden. Etter nokre turn, har du på litt superlim. Fortsett deretter med fleire turn til du føler at du har sløst vekk nok tid.
Snu deretter kroken i bindestikka.

Ta deretter den kvite bucktailen og klipp ut ein liten bunt som er ca 2-2,5x kroklengden. Pass på at ikkje bunten blir for stor. Fest denne så inn på oppsida av kroken. Pass på så du ikkje strammer for masse med dei første turna. Du kan då risikere at bucktailen spriker i alle retninger.
Klipp så ut 2 strimmler med krystal flash som du binder inn og legger dobbelt så du får 4 strimmler.

Ta deretter ein bucktail farge som du vil bruke. Klipp ut ein liten bunt og fest inn også på oppsida av kroken. Denne skal ikkje være kortere enn den kvite. Eg vil sjølv helst ha denne litt lengre enn den kvite bucktailen.

Tilslutt fester du på 3D øynene. Bruk ein liten dråpe superlim, så sitter desse betre...

Her er eit par med forskjellige farger som me bruker ofte. Eit par farger som rød, rosa og oliven er også flotte farger å bruke :o) Skitt fiske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar