fredag 23. desember 2011

Julestemning i Eksingedalen...

Vi tok ein liten tur opp til Eksingedalen for og avlevere ei lita julehelsing til Bjarne
" The River-keeper of Ekso "
Etter ein slik tur så kan ein ikkje akkurat seia at julestemningen blei mindre :o)
Eksingedalen er ikkje berre vakker på sommerhalvåret, men også på vinterhalvåret.








God Jul frå JonnyS og Arild :o)

torsdag 1. desember 2011

Belgiske Silly Saison...


Ved første luktetest, får du inntrykk av honning og citrus, men når du tar den fyrste smaksprøven, så minner den litt om Westmalle.
Forskjellen er at denne ikkje er like sursøt. 

Når det kommer til bitterheten, så er den meget bra, du føler ikkje at den sitter i munnen resten av kvelden, som med Westmalle, og kullsyra er balansert akkurat slik den skal.

Alt i alt ein okey øl, men for meg så holder det med eit par
Eit par kjappe fakta.

* Brygget i Belgia.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 5
* Pris: 36.60.-

onsdag 30. november 2011

Østerriske Westmalle...


Dette Østerriske ølet lukter som vanlig Hansa Premium, men når den første smaksprøven svelges, sitter du igjen med ein liten følelse av ein sursøt aprikossmak etterfulgt av citrus og honning.

Ein klarer liksom ikkje heilt å bestemme seg for hvilke smaker som kommer fram.
Sjølv om smaken er morsom og litt intressant, så er ikkje denne heilt etter min smak.
Det er noke med den sure bittre ettersmaken, som ikkje heilt tiltaler meg.

Eit par kjappe fakta.

* Brygget i Østerrike.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 9.5
* Pris: 49.90.-

Hands nymph. Pink phesantail...

 


 
Hands nymph. Pink phesantail. Str 16

Dette er ei nymphe som me har bruke masse dei 2 siste sesongane, og som fisker utruleg bra sein haust og i vinterhalvåret.

At litt rosa dubbing skulle ha så mykje og sei for fiske, trudde eg ikkje før me prøvde pink phesantail.
Og den har vist seg exstra god i kalde perioder.
Denne har aldri skuffa, og der andre ikkje har funket, så har denne redda dagen fleire gonger.   
Nympha fisker bra både dead drift, og med små bevegelser.

Du treng:
Bindetråd: Hands, svart. 101 x 2.
Krok: Hanak jiggi. H 400BL str 16-14.
Hode: Gull tungstein.
Hale: Fasan.
Ribb: Kopper tråd.
Kropp: Fasan.
Dubbing: Rosa.

Mvh JonnyS & Arild...

Flashback nymph...

 Matrialene på flash back`en er:
 
* Krok. Hanak H 200BL str 16-18.
* Svart binde tråd.
* Tungstein eller Cyclops. Str 2-3mm. Gull, kopper, svart, rosa eller rød.¨
* Silver Flash som rygg skjold.
* Kopper tråd til ribb.
* Hareøre-dubbing av div farger.
 


Flashback nympha blei introdusert for meg første gong av min gode venn Lounes, og har etter det vært ein av mine favoritter som alltid er til stade i boksen.

Sidan vårt kortlinefiske ofte bedrives etter at tørrflue sesongen er avslutta, og dagane blir kortare og kaldare, så liker eg å fiske denne med farger som trigger fisken til å ta.

Dette er ikkje eit problem ved tidelig høst, når vanntempen fortsatt er nokolunde okey, men når ein begynner å kjenne kulden på tærne og ullgensaren blir eit must, så begynner desse fargane å komme til sin rett.

Skal ein bruke denne nympha i sommarhalvåret, bør fargane være litt meir duse og ikkje så skrikande. Om strømmane tillater det, bør ein bruke cyclops istedenfor tungstein.

 
Mvh JonnyS & Arild...

Runar`s CDC-reke...

Runar`s cdc reke. Str 8

Matrialene til cdc reka er:
 
* Krok. Owner Kappa. Str 6, 8 og 10.
* Monofilament bindetråd.
* Cdc. Orange, rosa, kvit eller naturell.
* Silver tinsel til kroppen.


Runar`s cdc-reke er kanskje ein av den beste rekeimitasjonane som me fisker med, og som faktisk etter vår meining, funke utruleg bra her på vestlandet etter sjøørreten også.

Når me fisker med denne bruker me; raskt inntrekk, små kjappe eller små rolige inntrekk, kjappe inntrekk med små stopp osv osv. Her kommer det nesten berre an på din egen fantasi :o)
Pga cdc`ens fine gange og bevegelse i vatnet, så fisker denne fortsatt meget bra ved inntrekkspauser, så ikkje vær redd for å ta lange pauser når du fisker med denne.

Fargane som har fast bosted i boksen er kvit, rosa, orange og naturell i str 6, 8 og 10.

Mvh JonnyS & Arild...

onsdag 23. november 2011

Dark Horse - Ørbæk



Dark Horse er ein øl fra Fyn i Danmark. Den ser veldig mørk og mektig ut, men er lett å drikke og har ein litt søtlig smak. Det smaker litt av kaffe og hint av nåke lakris aktig og er litt bitter, nåke som og kjem fram i ettersmaken.
Den er også økologisk, uten at det har så mykje å sei på smaken (trur eg).
Ein alt i alt god øl å drikke, både som den er og til lett mat.
Fakta: Kr 49,80,- på Vinmonopolet
Alc: 5%

Arild

torsdag 17. november 2011

Underlig jul - Nøgne Ø

Underlig Jul fra bryggeriet Nøgne Ø i Grimstad er veldig smakfull og gir ett hint av gløgg og navnet passar derfor bra. Det både smaker og lukter jul. Ein kjenner tydelig nellik, ingefær og andre julekrydder. Eg smakte på den både kald og ved anbefalt serveringstemp på rundt 10 garder. Og som dei fleste øl med mykje smak, kjem den meir fram ved høgare temp.

Det er litt bitter i smak både under og etter, men for dei som liker smakfulle øl er dette ein som er verdt å prøve. Eg personlig syns det er ein god øl ved riktig anledning, men det held med ett par. Når snøen daler ned og alt ligg til rette, kan nok denne gje den siste biten før julestemmningen er satt.
Fakta:
Alc:6,5%
Pris: 67 kr på Vinmonopolet

Arild         

tirsdag 15. november 2011

Hesjeøl. Haandbryggeriet...



Hesjeøl har ein gylden halvmørk farge, med ein søt snadder kornsmak, som sakte men sikkert går over til ein svak ettersmak av honning.

Den bitre ettersmaken er liten, men absolutt nødvendig.

Den kan fint serveres rett frå kjøleren, men viss ein lar den få litt temp, så vil smakene komme meir fram og blir dermed ganske spennande å drikke :o)

Serveringstipset på flaska seie 8 -10gr.  

Eit lite OBS OBS er at denne er lagret på flaska, så dermed ligg det ein del slam i bunnen av flaska.
La dette synke til bunns før du drikk den.
Kan bli litt ubehagelig for folket rundt deg viss ikkje ;o)

Dette hesjeølet er absolutt verdt å prøve...

Eit par kjappe fakta.

* Brygget i Norge.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 6.5
* Pris: 37.50.-

lørdag 12. november 2011

Høstens/ Vinterens første binde kveld...

Det e vel ingen betre måte og bruke fredagskvelden på enn å preike fiske, flogemønster og bindemetoder med gode venner, mens ein sit bak bindestikka.

Sjølv om me mangla eit par stykker som ikkje kunne vere med denne fredagen, så blei det ein flott kveld og fleire slike kvelder kjem iløpet av vinterperioden :o)

Arild i full konsentrasjon...

Og så ein velfortjent kaffidråpe :o)

Sjøboksen skal fyllast opp :o)

.
Willy og Arild snakker kortlinenymphing :o) 

Arild med ei teppesild-imitasjon med craftfur under produksjon :o)

Snart klar for havet :o)

Runars cdc reke :o)

Ein jobber mens to slapper av :o)  

Willy i full konsentrasjon med ein tsjekker. Kanskje den skal dyppast i helga ;o)

Her løyse Cees og Jonny, verdensproblem :o)
Det blir ikkje lenge til neste gong, så viss det er fleire som vil vere med neste gong, så er dei hjertleg velkommen :o)
 Her blir det øldrikking, kaffi, brus og kanskje ein liten Cognac til kaffien også :o)


Takker for ein flott kveld gutter :o) 

mandag 7. november 2011

Marmorøyene i Nordåsen

Så har vi begge fri igjen og denne vekas første tur går til Marmorøyene i Nordåsen, Bergen.

Nordåsen er ein populær fiskeplass med mange gode plasser og etter vår meining, kanskje den beste sjøørret-plassen på vestlandet. 
Det blei også skrevet i avisa i fjor, at nordåsen var det største gyteområdet for torsk på vestlandet, og
 etter mengden torsk me såg i dag som gjekk langs land, så ser det ut til og stemme ;o)   
Det er likevel ikkje mange som fisker ved Marmorøyene. Dette pga at ein treng båt/kajakk for å komme seg ut dit.

Vi sjøsatte kajakkane i Skjoldabukta siden det er korteste vegen over, men Nordåsen er ikkje så stor, så øyene kan nåes fra andre kanter og.




Når ein først kjem seg ut er det mange gode plasser.
Vi vil sei at det stort sett er fiskbart i heile området.

Bunnen består av mykje blåskjell, og varierte kanter og grunner.
Dette gjer det til ein god plass for fisken å beite, då det er mykje byttedyr som holder til i området.
Litt trollsk stemming i dag!

Ved øya i sør er det ein god plass på vestsiden. Her er det to grunner med staker på.
Den eine staken klarer ein nesten å kaste til frå land, eller sleppe anker og fiske av området på den måten. 
Den andre kan ein vade ut til og deretter fiske av området i vifteform.
 Rundt begge stakene dannes det nokre fine, markante strømmer ved flo eller fjære.

 Det går og ei lita bukt innimellom to nes som fisken ofte tar turen innom.
Her er det kort veg fra grunna til djupet og gjør det dermed til ein lur plass med tanke på abbor og større lyr. 



Sjøørret og torsk liker seg også godt her :o)




Her er dei to nesa og eine staken på vestsida.
Fast fisk på Jonny ;)


Padler ein videre østover på nordsiden av øya kjem ein til ein kanal med ein nydelig bunn for både sjøørret og torsk. Her er det nesten spotte-forhold ved klart vatn. Midt i kanalen er det fleire steiner og skjær som gir strømkanter for fisken å stille seg i.
Ein plass som er verdt å merke seg!
Litt lengre øst igjen er det ein liten holme ca 40m fra land.
Dette er skarvenes boplass, og det er ikkje uten grunn!
Her har ein veldig god oversikt over det som eventuelt skulle skje i området, mens ein drikker kaffi og knasker på ein godbit :o) 


Kanalen

På den midterste øya er det ei bru som ein uten problem padler under.
Pass på å fiske av området før ein padler under.

Her er ein typisk plass for fisken å stille seg!
Det er to løp, der det eine er veldig grunt og det andre på nåken meter og begge med gode gjennomstrømmninger.
 På innsiden, altså nordsiden, av brua kan ein nesten stå overalt. Her er det mange gode plasser for fisken, med variert bunn og korte veier til djupet.
Også her blei det tatt lyr, torsk og sjørret i dag, samt ein knurr :)
Jonny hadde ein kul opplevelse her i dag som ein kan kikke på HER



Her ein av mange torsk vi såg i dag. Dette viser kor grunt dei går

Sjølv om dagen begynnte med tjukk tåke og kald luft, så blei det til sjuende og sist ein kanondag.


Og viss nokon andre føler seg fristet til å prøve seg i desse områder, så kanskje me snakkes :o)
Skitt fiske frå oss 2 :o)

lørdag 22. oktober 2011

Stille før stormen og rekord abbor på hogget...

Frustrasjonen har vært stor dei siste dagene.
Været har vært så dårleg som ein kan tenke seg, vind opp i 20 m/s, regn, hagl og berre dritt.
Ikkje akuratt det ein vil ha når ein skal på fri, og det klør som værst i kastearmen...


Til trass drittværet så blei det ein halvkvalt tur på mandag for Arild og meg etter lyren.
Havgapet på Sotra er ein plass der ein kan ta meget flott lyr, men ikkje denne dagen...



Etter 3-4 timer så var det berre til å legge inn årene og konstatere at vinden ikkje var heilt på vår side denne dagen desverre :o(
Sotra er og blir værhardt, og det blåser MYKJE!

Hverken tirsdag eller onsdag gjekk inn i historiebøkene når det kom til bra fiskevær.
 Masse vind, haglbyer og nordavind gjorde ikkje akuratt susen, og sjølv om halve dagen på onsdag gjekk med til å vugge opp og ned ombord i kajakken, så kan ein ikkje akuratt skryte av fiske...


Men så kom torsdag, og kursen blir satt om.
Værmeldingen var nordavind, 5-6 m/s,  6 heile gr, regn, hagl og litt sol.
Og når resten av veka ser ut til at skal bli dritt, så blir ein meget fornøyd med slike meldinger :o)
  
Til trass for hagl og sur nordavind, så var kajakken klar for ein dags fisketur.
Lufttempen var 5 gr og likedan til sjøs.
Flo skulle det ikkje være før kl.17.11, og vist eg skal være ærlig så hadde eg ikkje den store trua på at mr.Bass ville vise seg denne dagen.

Men der skulle eg ta veldig feil...

Etter ca 3 tima så var floa på god veg opp.
Den første plassen ga ingen resultater, så det var på tide med plassbytte og ny tur i kajakken.

Ved neste stopp så begynnte eg med ein chatruse clouser, TMC 811S str 1.
La det første kastet 3 mtr utforbi meg mens eg mumla, hadde vært kult viss ein havabbor hadde tatt clouseren.

Og idet eg løfter clouseren opp av vatnet, så ser eg ein grå rygg som raser etter.

Sjølv om overraskelsen var meget stor, så klarte eg å tenke kjapt og legge kastet på nytt like langt ut i den retningen eg ser fisken svømmer, og ved kun å føre clouseren med stanga så smeller det på i den andre enden.

Eg ser at abboren tar, og idet eg setter krokken, er det berre ein eksplosjon i den andre enden.
Abboren tømmer linekurven min VELDIG fort og eg blir stående igjen uten å heilt skjønne kva f**n som nettopp skjedde :o)

Mr.Abbor ga seg ikkje uten ein bra kamp, men den måtte til slutt gje tapt til min store fornøyelse.

Abboren målte 62 cm og var smellfeit. At den var over 2,5 kg+, var eg ikkje i den minste tvil om, men ikkje det viktigste i denne sammenhengen :o)
62 cm havabbot tatt på chatruse clouser

Etter eit par minutter i stillhet, så var det berre til å fortsette.
Vinden hadde no roa seg litt, og sola kom fram i  eit par minutter, absolutt eit pluss.

Eg hadde håpa at kanskje fleire skulle helse på i dette området, men clouseren ville dei ikkje ha.
Eg bytta dermed over til ei teppesild-imitasjon på 11cm.


Ofte på denne tida av året så har me oppsevert meir overflat aktivitet enn ellers i sesongen.
 Ifjor hadde me knallfiske på Sø og torpedo-lyr i midten av november som jaga brisling og dette i minus 1gr.
Samtidig som at brisllingen har fått spist seg større og feitare, og sjølv om eg ikkje såg jaginger denne dagen, så ville eg prøve.

Første kastet ga ingen resultater, andre kast blei pga vinden tvungen i stikkmotsatt retning.
Lot den synke i 5 sek pga det grunne området.

Begynnte rykkvis raske inntrekk.
Denne imitasjonen viste eg funka fint, den bevegde seg perfekt som ein skadd fisk, og det syntes abboren også.

Etter 5 inntrekk, så stoppa alt opp. Ei lita stund så tenkte eg stor lyr, men den mistanken forsvant fort.
Sidan den tok langt ute, tok det ikkje lange stunda før linekurven var tom, og eg kunne begynne å kjøre fisken på snella :o)

Resultatet var atter ein gong ein illsint, smellfeit, nydelig abbor på 62 cm :o)

Nydelig abbor tatt på ei 11cm lang teppesild imitasjon...
   


Det skjedde ikkje meir på denne plassen, så eg gjekk bort mot kajakken.
Etter at eg hadde pakka da vesle eg hadde, så syntes eg plassen kajakken låg på, såg meget fristande ut til å prøve.

Det var grunnt vann, så med synk 3, kunne eg ikkje vente for lenge før eg begynnte inntrekkene.

Første kastet med teppesilda ga meg eit dunk.
Eg lot streameren ligge død, før eg fortsatte inntrekket, men den einaste som ville smake var ein  liten lyr.

Kast to gjekk ut på samme plass. Eg begynnte inntrekket etter få sekund, og der stoppa det atter eingong!!
Denne gongen som mange andre gonger, så var det ingen tvil.

Mr.Abbor hadde atter ein gong tatt teppesilda av craftfur.
Men her var det null muligheter for kontroll.

 Etter å tatt det lille som var av lausline, så berre fortsatte abboren og gå, eg hadde ingen mulighter til å holde den igjen, og eg skjønnte fort at denne var større enn dei andre.
 Og når eg trudde eg hadde fått kontroll, fått inn nokre meter med line, så raste han ut igjen.

Slik dreiv me på i 10-15 min, armane begynnte virkeligt å kjenne det, men kven bryr seg...
Og når abboren begynne å bli trøtt, og eg fekk den nærmere land, så ser eg størrelsen på denne skjønnheten.

Den er svær!!

Men eg ser også at streameren ikkje sitter veldigt bra, og veit at den fort kan rive seg laust.
 Eg kan ikkje sei at frykten for å miste den blir mindre når den finner ut at den skal ta seg ein tur til på 10 meter...

Tilslutt så gjer den opp, og sidan kajakken ligger rett ved sia av, så har eg også Mclean-håven klar.

Fisken måler 77 cm og vekta stopper på 4 kg!!! Fy F**N for ein feit jævel :o)
Og her står eg heilt åleine, med min til nå rekord-abbor på 4 kg, og uten min beste venn til å ta bilde av fisken :o(

Jaja, eg tok eit par kjappe bilder av fisken mens den ligger i vatne, og ga han friheten tilbake og takka for ein fantastisk kamp :o)

77 cm og 4 kg abbor tatt på teppesild av craftfur...

Og om Poseidon vil det, så får me kanskje helse på fleire igjen i neste fri-periode, og då er også Arild tilbake, så kanskje bilde kan bli tatt på ein skikkelig måte med ein av oss ilag med fisken:o)

 
Skitt fiske til alle der ute :o)

Mvh JonnyS...

tirsdag 18. oktober 2011

Oxford Gold, perfekt til teppesild...




Oxford Gold er eit spennande organisk øl med smak av frukt som trigger ganen til å rope etter meir.


Grunnen til dette, kan være den lille fruktsmaken som i ca 3 sekund vekker eins nysgjerrighet, etterfølgt av ein liten men nødvendig bitterhet, og pga nysgjerrigheten, må du berre fortsette å smake og whops så må du ha ein til :o)

Dette er eit lyst øl som er lett å drikke, men allikavel med fleire spennande smaker som absolutt kan anbefales til både damer og menn :o)

Ein streamer som er perfekt å binde mens ein nyter denne øla, er teppesild :o)

Craftfur teppesild. 11 og 7 cm...

Eit par kjappe fakta.

* Brygget i England.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 4.6
* Pris: 37.50.-


mandag 17. oktober 2011

Duff Beer frå serien, Simpson...

Det Tyske populere ølet frå Simpsons e veldigt lett og drikk.
Det låge kullsyre innholdet gjør den lett + at ein ikkje går rundt og rapper heile tida :o)

Den har ein lett søt kornsmak, med ein anelse liten bitterhet som må være tilstede.
Severes kald rett frå kjøleren.

Kan med god samvitighet annbefale denne til damer som vil ha ein lys lett drikkende øl...
Par kjappe fakta.
* Tysk brygga.
* Kjøpes på Vinmonopolet + div daglivarebutikker
* Alc % 4.7
* Pris: