mandag 7. november 2011

Marmorøyene i Nordåsen

Så har vi begge fri igjen og denne vekas første tur går til Marmorøyene i Nordåsen, Bergen.

Nordåsen er ein populær fiskeplass med mange gode plasser og etter vår meining, kanskje den beste sjøørret-plassen på vestlandet. 
Det blei også skrevet i avisa i fjor, at nordåsen var det største gyteområdet for torsk på vestlandet, og
 etter mengden torsk me såg i dag som gjekk langs land, så ser det ut til og stemme ;o)   
Det er likevel ikkje mange som fisker ved Marmorøyene. Dette pga at ein treng båt/kajakk for å komme seg ut dit.

Vi sjøsatte kajakkane i Skjoldabukta siden det er korteste vegen over, men Nordåsen er ikkje så stor, så øyene kan nåes fra andre kanter og.




Når ein først kjem seg ut er det mange gode plasser.
Vi vil sei at det stort sett er fiskbart i heile området.

Bunnen består av mykje blåskjell, og varierte kanter og grunner.
Dette gjer det til ein god plass for fisken å beite, då det er mykje byttedyr som holder til i området.
Litt trollsk stemming i dag!

Ved øya i sør er det ein god plass på vestsiden. Her er det to grunner med staker på.
Den eine staken klarer ein nesten å kaste til frå land, eller sleppe anker og fiske av området på den måten. 
Den andre kan ein vade ut til og deretter fiske av området i vifteform.
 Rundt begge stakene dannes det nokre fine, markante strømmer ved flo eller fjære.

 Det går og ei lita bukt innimellom to nes som fisken ofte tar turen innom.
Her er det kort veg fra grunna til djupet og gjør det dermed til ein lur plass med tanke på abbor og større lyr. 



Sjøørret og torsk liker seg også godt her :o)




Her er dei to nesa og eine staken på vestsida.
Fast fisk på Jonny ;)


Padler ein videre østover på nordsiden av øya kjem ein til ein kanal med ein nydelig bunn for både sjøørret og torsk. Her er det nesten spotte-forhold ved klart vatn. Midt i kanalen er det fleire steiner og skjær som gir strømkanter for fisken å stille seg i.
Ein plass som er verdt å merke seg!
Litt lengre øst igjen er det ein liten holme ca 40m fra land.
Dette er skarvenes boplass, og det er ikkje uten grunn!
Her har ein veldig god oversikt over det som eventuelt skulle skje i området, mens ein drikker kaffi og knasker på ein godbit :o) 


Kanalen

På den midterste øya er det ei bru som ein uten problem padler under.
Pass på å fiske av området før ein padler under.

Her er ein typisk plass for fisken å stille seg!
Det er to løp, der det eine er veldig grunt og det andre på nåken meter og begge med gode gjennomstrømmninger.
 På innsiden, altså nordsiden, av brua kan ein nesten stå overalt. Her er det mange gode plasser for fisken, med variert bunn og korte veier til djupet.
Også her blei det tatt lyr, torsk og sjørret i dag, samt ein knurr :)
Jonny hadde ein kul opplevelse her i dag som ein kan kikke på HER



Her ein av mange torsk vi såg i dag. Dette viser kor grunt dei går

Sjølv om dagen begynnte med tjukk tåke og kald luft, så blei det til sjuende og sist ein kanondag.


Og viss nokon andre føler seg fristet til å prøve seg i desse områder, så kanskje me snakkes :o)
Skitt fiske frå oss 2 :o)

4 kommentarer:

  1. Fikk en digg lyr der, men desverre mangler tilgang til båt / kajakk så må oftest holde meg til Pedeken / Paradisstranden :(

    SvarSlett
  2. Tilgang på båt eller kajakk, gjør at mulighetane åpner seg ein del meir, men no er ikkje paradisstranda den dummeste plassen heller og på gode dager, så kan plassen gje eit kult fiske :o)

    JonnyS...

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei super blogg med fin info.
      Er ganske ny med flustangen i Bergensområdet har kun bott hær i 2 år varav 1,5 med utstyret.
      Lurte på om ni kunde hjelpe meg med noen tips kor man kan fiske, har endast tilgang til en 20 fots daycruser så det blir mest fra land denne sesongen.
      Har kollat lite runt nordås men har problemer med att finna parkering og da æven fiskeplatser.
      Fisker allt om tar flue men har tilgode att fange Havaborr.
      Kan nås på mail: flestander@yahoo.no
      På førhand takk

      Slett
    2. Takker for positiv tilbake melding ang bloggen. Setter pris på det!!:o)

      Skal sende deg ein mail om div plasser kor du fint kan parkere og kor fiske attpåtil er bra:0)

      JonnyS...

      Slett