tirsdag 24. juli 2012

Vår lille Hemsil...


Det er lenge sidan me sist besøkte vår lille Hemsil.
Ei nydelig vestlandselv som me normaltsett bruker ein del av vår fiskeperiode i kvart år.
Ikkje pga dei store mengdane med stor fisk, men pga dette er etter vår meining også ei av dei nydligaste tørrflueelver me har på vestlandet.
Masse flotte rolige strekk som slingrer seg innimelom busker og trær, og masse vakvillig og sulten fisk :o)

På denne turen, så hadde me nesten trudd at det kom til å bli lokke-fiske med store tørrfluer eller nympher sidan me ligg midt i venteperioden på at vårfluene skal begynne å vise seg.

Men det som traff oss ved bredden, var klekkende aureviliie, akrobatiske svaler og offcourse vakende ørret :o)
Dette skulle vise seg å bli ein flott og fiskerik dag :o)


Snittet på fisken i lille Hemsil er 200 - 500 gr, men med eit par eksemplar over.
Dette er ingenting som bryr oss når me står ved bredden av denne skjønnheten, og når fisken attpåtil ruller like roligt over flua som om det skulle vært ein 2 kilos fisk. 
Då er det heilt okey at det ikkje er den største fisken som er kroka i andre enden av lina :o)

Her kan du begynne fiske tidelig på sesongen med mygg og steinfluer til baetis og aureviliie tar over som den store matkilden og som på tørrfluefronten avsluttes med vårfluer og 2. generasjon baetis seint på høst :o)









Ein del av den litt større fisken i elva, har nokre utruleg flotte leopardmønster som så vidt vist på bilde over :o)
Kvifor ikkje all fisken har desse mønstrene veit eg ikkje, kanskje det er forskjellige familiar som holder seg i elva?? ;o)


Arild med ein flott fisk som stod og beita på aurevilii :o)



Smått er godt :o)




Rolige fine partier med vakende fisk tett til land på den andre sia :o)


Vær!!!
Me var her i eit lite sekund bekymra for at desse ikkje var heilt enige i at me tok bilder av dei, men sidan midt stjernetegn er væren, så gjekk det bra, me hadde samme språket :o)







Flott strekke med masse fiske opp til svingen :o)


Det som er morsomt og utfordrande med denne elva, er at etter snøsmelting og flom så forandrer ofte bunnstrukturen i elva seg, så når ein kjem tilbake neste sesong, har kulper og grunner bytta plass...

På bilde over, står Arild og kaster på fisk som har stilt seg tett opptil kanten i denne kulpen.
I 2011 så fiska ikkje me i lille Hemsila, men i 2010 så var ikkje denne kulpen her så dermed hadde det dukka opp ein ny plass for fisken å stå :o)

Og det sto fisk her :o)





Ein av mange på denne plassen :o)










Flott strekke der fisken ofte står tett inntil land og beiter i strømkanten :o)




Arild på veg over til vakende fisk...





Når sola kom fram, så vart det ikkje akkurat enkelt i desse rolige partiene.
Elva er krystallklar og fisken lettskremt, men slik er det innimellom :o)



Eit par dager seinare, så var været tilbake til det gode vestlandsværet med masse regn og vind.

Me veit at aurevilli tida nærme seg slutten, men vær - forandringen hadde gjort meg optimistisk på at me skulle få oppleve ein siste stor klekking av denne flotte gulorange døgnflua.

Til trass for lang kjøring, klarte eg å få med meg Willy som aldri hadde vært i denne elva før, og kryssa fingrane for at det skulle bli ein flott fiskedag :o)
Flott dag blei det, kanskje ikkje med eksplosjonklekkinger, men klekkinger av den rette sorten vart det :o)



Det tok ikkje lange tida før Willy fant sin første vakende fisk...





Og jepp!!! Aurevilli-imitasjonen gjorde jobben sin :o)





Når det kjem til Willy, så er det første gong eg har måtte ringt heim og spørt om tilatelse til å få bli lenger, for han var ikkje klar for å gje seg :o)
Så eg trur han storkoste seg til trass for at størrelsen på fisken ikkje var den største :o)










 

Ein velfortjent matbit + kaffi til oss begge to etter ein våt og fuktig dag ved bredden :o)


Det er ein ting eg vil gjere før eg gjer meg med dette blogginnlegget, og det er å takke Lounes for å ha vist meg denne perla for snart 7 år sidan. Eg må vel berre få sei meg takknemlig for det, og den har gjett oss mange morsomme stunder etter det, og håper den fortsatt kjem til å gjere det :o) 

Skitt fiske frå oss :o)

torsdag 5. juli 2012

Leptophlebia Vespertina. Eksingedalens Gull...

Døgnfluene Leptophlebia Marginata, Verspertina og baetis rhodani er 3 av døgnfluene som gjer eit meget godt og morsomt fiske i Eksingedalen i juni mnd.
Men desverre så gjekk det ikkje heilt som me hadde håpa på denne gongen.

Marginata dun...
Vespertina dun...

Til tross for ein del sverminger av marginata og klekkinger av vespertina, så var det berre innimellom sporadisk vaking frå fisken sin del.
Ein kunne fint drive med blindfiske i områder der fisken viste seg oppe, men det blir liksom ikkje heilt det samme, då er det betre fiske med nymphe under slike forhold.

Nymphefiske i Ekso er ein visuell opplevelse som i seg sjølv er verd og få med seg.
Fisken står ofte på denne tiden av året veldig nærme land og på grunne områder :o)
Det er ikkje sjeldent at ein ser fisk frå 200gr opp til 500gr og innimellom kiloen+  som går og beiter på nympher som svømmer mot land og då spesielt når marginataen begynner å nærme seg klar for klekking.

Nydelig ekso fisk tatt på leptho nymphe tidleg juni...


Men uannsett om ikkje alt gjekk som planlagt med klekkingene, så har me hatt fleire flotte dager med både fisking og filming i fossenes dal og sjølv om døgnflueperioden ikkje tok heilt av så har me fortsatt stor tru på at vårfluene og andregenerasjons klekkinger av baetis skal gje bra resultat :o)

Arild med ein flott fisk på 42 cm som tok ein vespertina dun str 16 :o) 
 

Fisken er spotta og jakten er begynnt...



Etter 6 kast og ca 10 mtr vandring, så bestemte den seg endelig for å komme opp og ta vespertina klekkeren:o)


1,1 kg eksokraft tatt på vespertina klekker str 16 :o)

Thomas nyter utsikten utover sone 3...

Willy i full konsentrasjon med fluebytte :o)
Kast på vakende fiske...

Hvorfor tok den ikkje der?? Den skulle absolutt tatt på det flytet?? Jaja vi tar ein kaffi :o)


Eksingedalen dreier seg ikkja alltid om det å få masse eller stor fisk, men å kunne slappe av og rettogslett glømme alt som skjer andre plasser i verden.
Men dette er aldri problem, for når du først har komt opp til dalen så fikser den resten :o)  
Båter finner du i alle soner og som er til bruk for alle som har løyst fiskekort, men ved store besøk av fiskere så er ofte desse opptatt, det er då fint å ha kajakken lett tilgjengeleg, samtidig ved stor vannføring så er kanskje kajakken lettere å komme fram med i enkelte hard strømførende partier.

Baetis dun...

Når juni begynner å bli gammel så begynner Baetis rohdanien å bevege seg, og ved store mengder så begynner også fisken å skjønne dette og stiller seg villig opp og vaker på desse flotte olivenfarga herlighetene, men dette blåste litt vekk i denne perioden me var der oppe desverre. Men når vinden roa seg eller om ein fant ein vindstille sone så var muligheten stor for å finne vakende fisk :o)

Arild og Stein Atle venter spent på baetis klekkingene...

Arild og Erling på kver si side av sone 3...

Stein Atle spotter fin fiske :o)

Og her er resultatet av Stein Atles spotting, nydelig ekso-ørret på over 40 cm :o)
 


Sone 3...Stort område kun til fluefiske :o)

Tolmodighet er ein kunst...

Fisken er ikkje kjempe aktiv, men nydelig plass å vente...

Og vips så var Stein Atle på krigsstien :o)











Fisken er spotta, og ikkje lenge etterpå landa i håven :o)

Ikkje langt ifrå før den nærmeste hytta blei tatt av jord skredet...

Imponerande krefter naturen viser innimellom :o)

1 kilo nydelig ekso-ørret tatt på baetis spent spinner str 18 :o)


Enkelte dager var fisken så og sei heilt umulig å komme i kontakt med.
Masse sol, synkande vatn og vindstille  i enkelte soner, gjorde line og fortomm om til ein kabel.
Og sjølv om kastet blei lagt slik at flua kom først, så var fisken borte før ein viste ordet av det.


Eirik Eikre sa dette på ein bra måte " Enkelte dager så er fiske best uten fortomm og flueline "

Men Arild gjorde eit lite forsøk alikevell og borte var fisken :o)



Ehhh?? Fårikål :o)


Cees tok seg fri ein dag for å komme opp til Eksingedalen for å vere med oss og fiske.
Sjølv om ikkje fiske var det beste denne dagen, så var det ein flott og trivelig dag med nok latter og preik :o)


Kaffi og sjokolade mens me venta på at fisken skulle begynne å vake er alfa og omega :o)

Cees i full konsentrasjon...

Ein liten trave som lot seg lure av Arild`s nymphe :o)

Jepp den tok...

Ikkje den største men fisk er fisk :o)
Denne sesongen så har Bjarne og Rune fått opp bålhytte ved grustaket, denne har vært heilt fantastisk når været ikkje har vært 100%.
Under ein slik kveld så går pokalene rundt på deling sjølv om ikkje kilos fisken har blitt lurt og kan også gjøre at dagen derpå kan være litt verre enn andre :o)

Her feirer me bursdagen til Thomas med eit par exstra pokaler:o))
Ein kan fort bli forheksa av slike flammer...

Ekso sjefen, Bjarne, i preik med Erling...
Me skal ikkje skriva så masse om denne mannen, for dette er ein person som ein nesten berre må møte for å skjønne kvifor me alle som fisker i Ekso liker denne karakteren så utrulig godt!!
Han er ein person som passer på at alle som kjem opp til Eksingedalen får ein varm velkomst og som garantert gjør alt for at fiskarane skal trivest.
Bjarne, Rune og fruen til Bjarne har brukt dei siste 11 årene på å kultivere Ekso og med knallsuksess.
At denne suksessen kommer av at Bjarne har god peiling på kva han driv med, skal ein ikkje sjå vekk i frå, men uansett den stå-på-viljen og kjærligheten han har til denne elva, skal ein leite lenge etter :o)
Dette gjer det også lett å skjønne kvifor han blir så lei seg, viss nåken tar livet av stor fisk, derfor er me alle snille og lar all fisk frå 400gr og oppover få friheten sin tilbake :o))
Meir enn dette vil me ikkje skrive. Du vil fort skjønne kva me meiner den dagen du treff han for fyrste gong, så lenge du ikkje bruker sluk ;o))
Ekso veteran Erling + 2 nye på ekso besøk, håper ikkje dei blei heilt skremt vekk :o)

Nydelig plass for spotting av fisk... 
VAKKERT!!! :o)

Fiske frå båt er ein  av godene ein får oppi dalen :o)

Masse frosk som viste seg desse dagene... Flott ørret-mat :o)


1,2kg tatt på baetis dun str 16 :o)

Etter fleire dager med lettskremt fisk, så kom heldigvis godværet med regn og overskya vær.
Arild var heldig og fekk tatt ein kjapp tur, og traff meget bra med fisk på 0.8, 0.9 og 1,2 kg.
Alle 3 tok på baetis dun str 16.
Etter dette steig elva med mange cm og tempen sank til 5 gr ;o/ Det er det vi kaller kaldt på denne tiden av året...
No er det berre ein ting folk går og venter på og det er at vårflua skal begynne og bli aktiv, glede oss som små barn til julafta :o))

Fiskehelsing frå JonnyS og Arild... :o)