fredag 30. september 2011

Frå drit vær og bom, til sol og suksess...


Me møttes før det blei lyst og fekk begge kajakkene på ein bil.
Været var som vanlig her i vest,  regn, regn og atter regn.

Siden me begge hadde fri var planen klar, det skulle fiskes etter havabbor.
Turen blei planlagt til Norhordaland og Matre-området.

Dette er en kjent plass for abbor, men det er ikkje berre å håve opp.
Fjorden er stor og plassane mange, både frå land og i kajakk.





Sidan havabboren i dette området beveger seg masse, så begynte me fisket frå land.
Desverre så er det ikkje mange plasser å stå her, så viss ein ikkje er keen på å stå på den samme plassen heile dagen, så er det veldigt kjekt med kajakk eller båt :o)


Rolig, men regnfull dag...

Me brukte ikkje lange tida på land.
Det skjedde ingenting mens me sto der, null overflateaktivitet og kun eit par makrell og 5 knurr som var interessert i streamerane våre.

Desverre fortsatte det slik sjølv når me var komt ut i kajakkane.
Om dette hadde noko med at tåka låg lenge og lågt er vanskeligt å seia, men abboren viste seg ihvertfall ikkje.

Me fiska.
 Høgt, intermidiet.
 Midtsjikte, synk 3.
 Djupt, heil synkeline, synk 7.

Men ingenting :o(

Litt feil å sei at me fekk ingenting.
Arild konsentrerte seg om den motsatte sia av fjorden, mens Jonny saumfarte fjellkanten på sin side.

Jonny:
Eg kom til eit område som såg veldigt giftigt ut.
Eit område der det hadde gått eit steinskred, og som også inneholdt alt ein abbor likar.
Rask veg til djupet, masse gøymeplasser og plenti med små fisk som er nam nam for mr.Bass :o)

Eg la den chatreuse-farga clouseren min fint langs kanten.
Lot den synke litt, før inntrekkene begynte.

4 trekk og BANG...
Det gjekk ikkje lang tid før eg var sikker på at dette var dagens første abbor.
Lauslina blei fort dratt ut av fingrane mine, og den fortsatte på snella.
Viss eg prøvde å holde igjen, så drog den kajakken med seg.

Eg var sikker på at eg hadde ein av dei store på den andre sida av lina, noko som iogforseg var heilt riktig.
Men for meg, så føltes det nesten som ein skuffelse, men allikevel utrulig morsomt :o)


Arild:
eg hørte ropet til Jonny og satte kursen mot han. Når eg nesten var framme får Jonny fisken opp og det viste seg å være ein flott lyr på ca 4,5 kg.

Resten av dagen var lite interessant.
Me flytta oss ein god time frå Hope, men allikavel fekk me berre masse smålyr og ein og anna makrell.
Då mørket begynte å nærme seg, var det på tide å pakke kajakker og stenger og vende nasa heimover...



Idag så var det opp tidleg. Kajakkane på tak og avgårde atter ein gong.
Bomturen i går hadde gjort oss tørste på revansje.

Då me kom fram til plassen, var det allerede godt i gang med å gå opp til flo.
Utstyret blei gjort klart i ein fei, og avgårde bar det.

Forholdene var perfekte.
Hard søravind, springflo, sol og varmt.
Kva meir kan ein ønske når ein er på jakt etter mr. Abbor :o)

Pga vinden, så var det ikkje enkelt å fiske frå kajakkane,
så i dag var desse berre eit framkomstmiddel for å komme seg til plassar som ein kunne fiske frå.

  Pga trangt om plassen, så står ein eit stykke frå kvarandre.
Men dette er absloutt ikkje negativt.
Istadenfor at ein er 2 på samme plassen, så får ein prøvd forskjellige plasser.

Og idag så gjekk det ikkje lenge før ting skulle skje på begge plasser.

Jonny:
 Eg hadde hatt ca 10 kast med ein chartreuse clouser, før eg bestemmte meg for å skifte over til ein orange clouser, og på det første kasstet så smalt det i den andre enden av stanga.

YES!! Abbor nr 1. har tatt clouser`en min :o)
Det er ingen vits i å rope på Arild, så  istendenfor løfter eg handa for å signaliser om fast fisk.
Idet eg trekker handa mi ned igjen, så løfter Arild si hand opp.

Han har på ein SVÆR abbor.

Arild:
Denne bommer på første forsøk.
Flua går kjapt ut igjen der eg ser fisken forsvinner, og etter 4 trekk, så smeller abboren på.
Har fisken inn mot land før den setter ut i ett lite men brutalt utras før eg får den mot land igjen og ser str på den, og det var det før den stikker :o(

Det einaste Jonny høyre e Fxxn, og skuffa klasker eg hendene i lårene...der mista eg ny rekord!!

Jonny:
Mens alt dette pågår, så har eg fått min inn.
Ikkje den største, men allikavel utruleg deilig :o)





Men det går ikkje lengre tid enn at eg akuratt har fått satt min ut igjen, før eg ser at Arild står med stor bue på stanga.

Arild:
Denne gongen har abboren tatt på hurtigt inntrekk, og hugget var berre heilt ekstremt.
Alt stoppa, og før eg fekk tenkt meg om, så satte fisken av gårde og gjorde dagen heilt fantastisk :o)

Desverre ingen bilder av denne skjønnheten, men fisken var 1,8 kg og smellfeit :o)
Prøvde å filme utsettingen, men det blei ikkje heilt som planlagt desverre...
Men neste gong så blir det betre :o)

Jonny:
Kort tid etter så var det min tur igjen.
Kast 1, går akkurat der eg vil, over ei grunne som igjen forsvinner ned i djupet.
Legger stanga under armen, og begynner med kjapt sammenhengende inntrekk.
Ein lyr prøve seg idet clouseren kommer inn mot beina mine.

Kast.2 går akkurat på samme plass.
Men denne gongen så ser eg berre ein svær abborkjeft som prøver å ta clouseren.
Han bommer på første forsøk,
eg stopper opp, og idet clouseren synker så snur abboren, og iløpet av eit brøkdel av eit sekund, så har skuffelsen snudd seg til å bli ein stor glede :o)

På få strakser så har abboren tømt linekurven min og etter det så er det snella som gjør jobben.
Vel i land så måler den 60 cm.


Etter denne, så blei det veldig roleg. Jonny hadde ein følgefiske etter heilt på slutten, men den blir nok skremt.
Sola traff rett i ryggen, og dette gjorde at skyggen var rett i det området abboren kom etter surf candyen.
Men uannsett så har dette berre vært ein kanon flott dag


Idag så var det synk 3 på oss begge.
Dette er ein flott synkgrad å bruke når du vil fiske både djupt og høgt.
Inntrekkene gjekk for det meste ut på å variere mellom kjappe og rolige inntrekk.
Men stang under armen ga oss også flotte resultater.

Streamere som me brukte var.
Jiggi.
Clouser.
Surf Candy.

1 kommentar:

  1. flott side! :) Hardere noen tips til fluefiske steder på Matre på høsten?

    SvarSlett