søndag 2. oktober 2011

Flott slutt på en perfekt uke...


Då var denne friperioden over, for meg desverre.
Eg og Arild har hatt ei veke med kjempefiske, og viss været tillater det,
så kommer han til å ha 2 veker til :o)

Siste turen denne veka hadde me i går.
Og det gjekk som planlagt.


Det var 168 cm over normalen ved flo.
Kraftig vind frå sør, sol og grumsete vatn.
Luft-tempen var frå 17 - 20 gr. Altså heilt perfekt for abborfiske :o)

Me skulle ha oss ein kopp kaffi før me skulle sette inn det siste støtet.
Arild var berre eit par åretak i frå der eg var.

Kastet mitt gjekk skrått langs land.
Stanga under armen, og eit samenhengende kjapt inntrekk.

2 mtr frå beina mine, ser eg ein mørk skygge som kommer etter Clouseren min.
Og denne bommer ikkje.
Abboren tar streameren og setter ut igjen mot djupet.

Etter ein morsom fight, så holder eg ein flott, 53 cm abbor i kjeven :o)


Abbor nr.2, for dagen sitter på kroken ca 1 time seinare.

Den orange clouseren kjem jiggende inn i mot land med abboren etter.
Eg speeder opp farten i ca 1,5 mtr før eg stopper opp og lar den synke mot bunn.

Skjønnheten snapper til seg clouseren,
men i det eg setter kroken, så kommer det ein ekspolsjon uten like :o)

Desse fiskane meine virkelig alvor når dei først setter i gang. 
Og etter ein god kamp så er den fanga i klypa mi.


Etter dette, så skjer det atter ein gong lite.
Me pakker utstyret og takker Poseidon for ei flott veke :o)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar