søndag 24. juni 2012

Jølstra. Ei nydelig vestlandselv...

 Turen til Jølstraholmen Camping gjekk fint og me tok ein kjapp tur innom elva før me fann hytta.
 Elva målte nesten 11 grader rundt midnatt og 4-5 fisk stod steady og vaka på mygg :o)
Opptimistane i oss våkna, og etter 2 øl og ein liten finpuss på utstyret, var det tid for å finne senga.

Me skjønte fort dagen etterpå at vinden kunne bli eit lite problem, så dermed ville me begynne i området rundt jordbrukskulen.

Flotte tørfluestrekke ved jordbrukskulen...


Klokka var fortsatt tidleg på morgon og sidan været var så fint, tok me likså godt med oss frukosten til elva.

Eggerøre med bacon til frukost. Blir ikkje betre :o)



Me er vant med at Baetisen i desse trakter begynner å vise seg mellom kl.1100 og 1200 og sidan det var denne krabaten me ville hilse på, var det berre til å sette seg ned og ha tolmod:o)
Baetis Rhodani dun...

Det var ikkje lenge me måtte vente før ting begynnte å skje.
Det første tegnet er ofte ikkje hverken å sjå fisk eller døgnflue, men masse svaler og linerler som begynner å fly lavt ned til elva med dei mest utrulige manøvrene som ein kan sjå.
Og berre minutter etterpå så begynner ein å sjå vakre små vimsete skapninger som kjem opp frå det rennande vatnet :o)

Desverre så vart det ikkje den store baetis-klekkingen som me hadde sett for oss, men enkelte fiskar var fornøyd med det vetle som kom av baetis og desse var heller ikkje vanskelege å be når ein først traff riktig bane :o)


Arild sniker seg opp mot målet :o)

Første kast på steady fisk...
Deilig med første baetis fanga fiske :o)

Ikkje stor, men sterk og smellfeit :o) 

Nytt vak nye muligheter...

Og der gjekk det på ein finere fisk :o)
Vakende fisk i strømkanten :o)
Friheten kommer fort tilbake :o)




Etter dette, så skjedde det ikkje så mykje meir denne dagen innen klekkinger av typen baetis desverre, og når me attpåtil såg eit par Ephemera aurivilli, blei me i eit lite sekund litt bekymra for at me hadde havna midt i mellom klekkinga desse to artane.
Det vil då ofte sei at det blir ein liten pause på overflate-aktivitet før aurevillien kjem skikkeleg igang :o/
Ephemera aurivilli...

Neste dag våkna me opp til at det skjedde ingenting!!!
Me flytta oss frå den eine plassen til andre med eit håp om at me skulle finne klekkinger og vakende fisk, men ingenting.
Kaffi og sjokolade blei ein mager trøst.

Men så kl.1530 skulle moderjord våkne til liv.
Plutselig så begynnte det å poppe opp aurevilli frå elva og det tok ikkje lange tid før fisken skjønte dette også.
Det som me ikkje eingong hadde drømt om skulle skje, skjedde. Me snakker ikkje klekkinger av dei store dimensjoner, men nok til at fisken begynnte å vake steady på elvas gull og me skulle få gleden av dette :o)

Nydelig strekke ved jordbrukskulen...




Eit flott eksemplar på 37 cm frå Jølstra :o)

Endå ein flott ørret frå Jølstra :o) 
Vakker fisk på 37cm frå områdene ved garasjen :o)
Ein favoritt plass som huser mang ein flott ørret:o)





Finare fiske kommer til syne ved aurevillie klekkingen :o)


Velfortjent øl etter ein vellykka fiskedag :o)

Når denne dagen var ferdig, så var me begge enige om å bruke morgondagen lenger oppi Jølstra, med eit håp om like bra fiske der.
Dei siste dagane så har vinden vore så kjip i desse områdene og dermed også gjort fisket nesten umuleg med tanke på tørrfluefiske, men denne dagen var vinden moderat og dermed var plassen klar for å bli innvadert av to fluefiskere. 


Grustaket i Jølstra. Oppstrøms...
Nedstrøms...
Denne dagen slapp me å gå i fleire timer og vente, for berre minutter etter at me kom fram til plassen rundt kl.10.30, så begynnte måsen å sveve lågt ved elva.
Dette er eit fenomen som me har sett ved andre anledninger i t.d Nea også.
Måsen eller som dei seier i England " Seamoos " :o) driv og plukker opp aurevilli frå elva, ein ganske kul opplevelse og ein skulle nesten tru at fisken blir redd når dette pågår, men tydeligvis ikkje.

Etter at vi hadde skremt vekk 5 stk, kunne me begynne vårt fiske uten å bli forstyrra, og denne dagen skulle ikkje bli verre en gårsdagen :o)

Flott tørfluestrekke oppforbi grustaket...


Etter desse skrikhalsane blei det ein liten kaffipause...


Plenty og fiske på :o)

Fisken i Jølstra er garantert ein av dei sterkaste fiskena me er borti her på vestlandet. Dei gjer seg aldri!!! :o)

Vakkert eksemplar på 43 cm :o)


Vakande fiske 4 mtr frå land :o)

Og den tok på første flytet :o)


Ingen problem og komme seg fram til fiske plassene i Jølstra, men litt vandring kan det fort bli :o)

Flott plass for større fisk som vil jakte småfisk ved mørkets frambrud...

Arild med eit perfekt kast på vakende fiske. Kroking blei det også :o)

Jonny med fast fisk!!

Etter ein kanon dag ved elva, var det på tide med retrett til Bergen igjen. Me har hatt 4 fantastiske dager ved denne flotte perla i Jølstra og det blir garantert ikkje den siste. For min del så forlater eg elva på samme måte som eg alltid gjer, med drukna mobil og 14 nye dager med å få alle tlfnr tilbake :o/ Og Arild... Jaudå han lo lika godt som han alltid gjer når eg gjer noko dumt :o)

Skitt fiske frå oss 2 :o)