mandag 26. september 2011

Dritvær, atter eit faktum...

Johannes, sonen min, begynte såvidt å skjønna at det var på tide å vekke mamma og pappa.
Egentlig like greit, eg skulle møte Arild om ikkje alt for lenge, men når me entra stova så var det rett før gutten gjekk i golvet!!
Det blåste kattar og kyr ute!!!
Eg begynnte nesten å lure på om me skulle berre drite i dagens tur og heller binde streamere.

Men før me viste ordet av det, så satt me i bilen og var på veg til det området som me idag skulle prøve å fiske etter havabboren.

Eit vindstille område under " The big mountain "

Det skulle ikkje bli lett. Vinden var kraftig og kajakkane blei skubba avgårde som seilbåter.
Drivanker og vanlig anker gjorde situasjonen enklare, men fortsatt ikkje optimal.

Første plassen blei fort "ferdig fiska" pga været. Me veit det er fin fisk i dette området, men ikkje i dag.

  Plass 2.
Eg sitter i kajakken. Arild står på land og koser seg i den harde vinden.

Eg har akkurat lagt ut synk 7 lina og skal la den få søkke ned til dei djupare områdene.

Mens eg sitter og venter, driver Arild og trekker inn lina, og med et så kommer det eit tilslag, etterfulgt av " FxxN "
Eg skjønner på reaksjonen til mannen at dette ikkje var lyr.
Neste kast går kjapt tilbake, denne gongen ca 10-15 mtr til venstre.
Så er det berre til å sitte som tilskuer og sjå på det som skjer.

Stanga går under armen, og etter 2 trekk, så kommer tilslaget heilt perfekt.
 Det neste eg høyrer er ei skingrande stemme som ropar " BASS!! "

Endelig, og så velfortjent!! Arild gjorde alt riktigt. Han såg kva veg fisken svømte etter det fyrste tilslaget.
La kastet ut, og abboren var eit faktum :o)

1.7 kg og i nydelig kondisjon.

Sjølv om det var låg fjære og masse vind, så var det deilig å komme seg ut igjen etter 2 veker på jobb.
Og vist me er heldige, så vil det kanskje bli fleire av denne vakre skapningen denne veka, men det får tida vise:o)

Me bytta ein del i dag mellom intermidiet, synk 3 og 7.
Det gjorde me pga dei varierte områdene me fiska på her. Det er fleire grunner her, samtidig store djupner. Når me då ligg i kajakkane, så prøver me å treffe kantene som går frå grunna og tipper over til djupet.
Dette har gitt oss gode resultater fleire gonger.

Streamere som blei brukt var med kraftige fargar pga det grumsete vatnet, og då snakke me om clousere og jiggia i str 2 og 1.

Tempen i sjøen begynner også forsiktigt å bli litt kjøligare, og  under kalde forhold så veit me at folk har tatt havabbor på 20 mtr ++
Derfor prøver me også slike djup.

Skitt fiske :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar