tirsdag 27. september 2011

Islands sagaomsuste landskap, urgamle ørreter og grove røyer 2010...


2010... Me va 5 stk som reiste til Island.
Turen gjekk ut på å jakte stor urgammel brunørret i mange div vatn og STOR røye i ginklar elv :o)


Dette var berre ein heilt fantastisk tur og omgivelsane som me fiska i var berre heilt trollsk.
Ein får nesten følelsen av at ein fisker på månen :o)



Fisket var heilt fantastisk med masse flott, stor fisk.
Og at turen skal tilbake hit, er sikkert og visst :o)

Vist nokon der ute lurer på om dette er ein plass å reise til, så kan ihvertfall me annbefale turen.
MEN ein må like streamer- og nymfefiske i store områder og masse vind.
Sjølv om det er masse stor fisk i desse områdene, så  finnes det også mykje mindre fisk.
Og det er ikkje berre til å kaste ut og dra fisk på land.
Her er det mykje arbeid for å finne fisken.

Det var som guiden vår, Birger, sa
" Det er du som må finne fisken og ikkje fisken som skal finne deg "

Og akkurat slik var det :o)
Eg hoppa av bilen og begynnte å fiske meg bortover området.
Arild kjørte  5-600 mtr lenger, og begynnte også å fiske seg bortover i frå bilen og meg.
Når eg hadde fiska meg bortover i 5-600 mtr. Så kjørte eg bilen til eg hadde passert Arild 5-600 mtr.
Og slik dreiv me på heile dagen.

Me var også heile tida på jakt etter områder med motlandsvind. Det var dette som gav det beste fisket.
Så viss ein liker sjøørret fiske, så vil ein også kose seg med denne type fiske :o)












Arilds 3.1 kg Islands røye :o)

JonnyS 3.1 kg Islands røye :o)




Smell feit 2.9 kg Islansk ur- ørret :o)










4.9 kg Islansk ur-ørret :o)

Men det er ikkje berre fiskane som gjorde at dette blei ein minnerik tur.
Landskapet rundt var også ein stor bidragsytar.

Det er som eg skreiv, det føles som ein er på månen.
Vulkankrater, høge lavafjell og ein liten følelse av ørken :o)















Områdene me fiska i var elva Kaldakvisli og eit område ved navn Veidivatn.

Planen for Kaldakvisli desverre, var at denne elva skulle legges i kanal og dermed bli øydelagt for fiske :o(

Her gjaldt nymphe fiske med kraftig indikator.
Den kraftige indikatoren var absolutt nødvendig pga lyset.
Me prøvde mindre indikatorer, men resultatet var null synlighet.


Nymphene som blei brukt, skulle imitere mygglarver.
Desse var faktisk det einaste som funka, og dei funka veldigt bra, for ved nærmare kikk langs elvebredden, så skjønte ein fort kvifor.
Lange striper som likna på skum langs heile bredden viste seg å vera graut av larveskall :o)

Se film: 2 x 3 kg røye. Del.1

Se film: 2 x 3 kg røye. Del.2


Veidivatn som var den siste stoppen på turen var ikkje berre eit stort vatn.
Dette var eit område med 50 vatn.
" Fleire bilder frå dette området lenger oppe "

Fisket her begynnte kl.0700 på morgonen og stengte kl.2300 på kveld.
Visst ein ikkje fulgte desse reglane så vart ein vist vekk frå området, og din fisketid var over...

Her var det streamere som gjaldt for oss.
Jiggi, clouser, Zonker og Streamer-serien til Andrè Brun.
Ein kunne også bruke muppetshow-streamere, men for oss så funka dei som me allerede brukte, at det var ikkje nødvendig med noko anna :o)

Så til alle som tenker, ikkje tenk, men berre reis!!
Du kommer ikkje til og angre :o)

Så god tur og skitt fiske frå JonnyS og Arild :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar