Det er lenge sidan me sist besøkte vår lille Hemsil.
Ei nydelig vestlandselv som me normaltsett bruker ein del av vår fiskeperiode i kvart år.
Ikkje pga dei store mengdane med stor fisk, men pga dette er etter vår meining også ei av dei nydligaste tørrflueelver me har på vestlandet.
Masse flotte rolige strekk som slingrer seg innimelom busker og trær, og masse vakvillig og sulten fisk :o)
På denne turen, så hadde me nesten trudd at det kom til å bli lokke-fiske med store tørrfluer eller nympher sidan me ligg midt i venteperioden på at vårfluene skal begynne å vise seg.
Men det som traff oss ved bredden, var klekkende aureviliie, akrobatiske svaler og offcourse vakende ørret :o)
Dette skulle vise seg å bli ein flott og fiskerik dag :o)
Snittet på fisken i lille Hemsil er 200 - 500 gr, men med eit par eksemplar over.
Dette er ingenting som bryr oss når me står ved bredden av denne skjønnheten, og når fisken attpåtil ruller like roligt over flua som om det skulle vært ein 2 kilos fisk.
Då er det heilt okey at det ikkje er den største fisken som er kroka i andre enden av lina :o)
Her kan du begynne fiske tidelig på sesongen med mygg og steinfluer til baetis og aureviliie tar over som den store matkilden og som på tørrfluefronten avsluttes med vårfluer og 2. generasjon baetis seint på høst :o)
Ein del av den litt større fisken i elva, har nokre utruleg flotte leopardmønster som så vidt vist på bilde over :o)
Kvifor ikkje all fisken har desse mønstrene veit eg ikkje, kanskje det er forskjellige familiar som holder seg i elva?? ;o)
Arild med ein flott fisk som stod og beita på aurevilii :o)
Smått er godt :o) |
Me var her i eit lite sekund bekymra for at desse ikkje var heilt enige i at me tok bilder av dei, men sidan midt stjernetegn er væren, så gjekk det bra, me hadde samme språket :o)
Flott strekke med masse fiske opp til svingen :o) |
Det som er morsomt og utfordrande med denne elva, er at etter snøsmelting og flom så forandrer ofte bunnstrukturen i elva seg, så når ein kjem tilbake neste sesong, har kulper og grunner bytta plass...
På bilde over, står Arild og kaster på fisk som har stilt seg tett opptil kanten i denne kulpen.
I 2011 så fiska ikkje me i lille Hemsila, men i 2010 så var ikkje denne kulpen her så dermed hadde det dukka opp ein ny plass for fisken å stå :o)
Og det sto fisk her :o)
Ein av mange på denne plassen :o)
|
Flott strekke der fisken ofte står tett inntil land og beiter i strømkanten :o) |
Arild på veg over til vakende fisk... |
Når sola kom fram, så vart det ikkje akkurat enkelt i desse rolige partiene.
Elva er krystallklar og fisken lettskremt, men slik er det innimellom :o)
Eit par dager seinare, så var været tilbake til det gode vestlandsværet med masse regn og vind.
Me veit at aurevilli tida nærme seg slutten, men vær - forandringen hadde gjort meg optimistisk på at me skulle få oppleve ein siste stor klekking av denne flotte gulorange døgnflua.
Til trass for lang kjøring, klarte eg å få med meg Willy som aldri hadde vært i denne elva før, og kryssa fingrane for at det skulle bli ein flott fiskedag :o)
Flott dag blei det, kanskje ikkje med eksplosjonklekkinger, men klekkinger av den rette sorten vart det :o)
Det tok ikkje lange tida før Willy fant sin første vakende fisk...
Og jepp!!! Aurevilli-imitasjonen gjorde jobben sin :o)
Når det kjem til Willy, så er det første gong eg har måtte ringt heim og spørt om tilatelse til å få bli lenger, for han var ikkje klar for å gje seg :o)
Så eg trur han storkoste seg til trass for at størrelsen på fisken ikkje var den største :o)
Ein velfortjent matbit + kaffi til oss begge to etter ein våt og fuktig dag ved bredden :o)
Det er ein ting eg vil gjere før eg gjer meg med dette blogginnlegget, og det er å takke Lounes for å ha vist meg denne perla for snart 7 år sidan. Eg må vel berre få sei meg takknemlig for det, og den har gjett oss mange morsomme stunder etter det, og håper den fortsatt kjem til å gjere det :o)
Skitt fiske frå oss :o)
Herlige rapport :) Angående den første auren du viser, http://www.thelocalhookupma.com/id13.html
SvarSlettHadde vært tøfft med noe "Tiger trouts" på vestlandet jah :)
Takker for det Lundefluen :o)
SvarSlettOg når det kommer til tiger-trout så hadde ikkje det vært så dumt;o)
Flott sted, og nydelige bilder.Er det et sted man kan tilbringe noen dager i teltet?
SvarSlettKjetil
Sorry seint svar Kjetil:o/
SlettDet er ikkje så populært hjå grunneigarane at ein slår opp telt akuratt i desse områdene, men campingplass like inærheten :o)
Kan forklare i vinter mens me sitter rundt bindebordet :o)