mandag 5. november 2012

Sage ESN. 10` Til nymphe fiske...

Ein har høyrt masse positivt om dei nye nymphestengene til Sage, ESN.
Men allikevel er det ingen som kan komme med ein tilbakemelding om korleis denne stanga virkelig er under sjølve nymphefiske!!!
Det er fleire som testholder den i butikken, eller kastar med den i ein hall, men som alle veit så er det stor forskjell på testkasting og fisking. 


Dette fann me ut at me ville gjere noko med, og lånte dermed med oss
2 stk Sage ESN kl.3 og 4, 10`   frå Bergen Aktiv :o)


 Arild i ein av kulpane i kortlinebekken med ESN kl.4 10`


Førsteintrykket ein får av Sage ESN kl.4 10` er at den virker tung og ein smule dorsk.
Men når ein har rigga ferdig og begynner å fiske, blir dette fort glømt...
Stanga er presis, stram og veldig følsom akkurat sånn me vil ha det. Ein har det morosamt med denne stanga uansett str på fisken, og skulle ein vere heldig og få på ein litt større fisk, så har denne plenty med rygg og du har god kontroll på både stang og fisk.
Følsomheten i stanga gjorde fisket utruleg morosamt, ein kjente alt som foregjekk i den andre enden, noko som igjen er ein viktig del under kortlinefisket og då kanskje spesielt no på vinteren.
Fisken er småspist, som igjen gjer det vanskelig å lese indikatoren.

Arild med fast fisk 



Jonny med fast fisk på Sage, ESN kl.3, 10`




Lysa funker like bra denne sesongen som i fjor vinter :o)


Når det kjem til Sage, ESN kl.3 10` så var det ein LITEN forskjell på desse 2.
Sjølv om denne faktisk ga deg betre førsteintrykk, så var det det lille ekstra å sette fingeren på.
Den var ikkje like stram, vel så presis, men ved kjøring av fisk, så fekk ein litt følelsen av å miste kontroll på stang og fisk, som igjen gjorde at ein ikkje heilt klarte å stole på stanga.
Den gode følelsen var der, men ikkje sånn som ein hadde håpa. 


 
ESN`en er som med andre lange stenger litt kjipe å ha med seg i områder der trær og busker stikker ut over alt, men i områdene som me ferdast i idag så var ikkje dette eit problem i det heile, men ein skal selføgelig passe på å bruke både auger og hjerneceller.
Desverre så funka ikkje alltid hjernecellene i dag heller, og eit par nympher henger fint igjen som julepynt, men for det meste så gjekk det bra :o)

Me fekk prøve begge stengene godt i dag, og med eit antall på 80-90 fisk tilsammen på 2 stenger, så kan me trygt sei at me har fått testa dei bra ut på både vipping, kroking, fisking og kjøring av fisk.

Om denne stanga er verdt prisen på 5000.- , er opp til kvar enkelt å bedømme.
Men ein ting er sikkert, og det er at ESN kl4. 10` er absolutt velkommen heim til meg :o)

Mange ser på nymphefiske som ein U-ting, men for oss, så er det dette fisket vinteren  dreier seg om, og då er det også kjekt med utstyr som ein kan kose seg med, men det betyr absolutt ikkje at det må koste masse penger, så lenge ein finn det ein trives med, så er det det viktigste!!! :o))


 Skitt fiske frå oss 2 :o)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar