tirsdag 9. oktober 2012

August månde. Ein av mange dagsturer...



 
Vårfluefiske har alltid vært ein morsom opplevelse i Tømmerelva, men denne kvelden så var det ikkje så mykje som skjedde...
 Masse vatn og lite klekkinger i forhold til kva me er vande til på denne tida av året, og fisket var treigt.
Me måtte virkelig jobbe for at fisken skulle vise intresse for imitasjonene våre...

CDC caddis. Str.11


Fritt flyt var ikkje særleg populært, og pga dei rare strømmane som vart skapt av vannmengden etter all nedbøren, så det var ikkje vits i å la lina få feste i vatnet, før ein begynnte å stripe vårflua tilbake.


Trangt om plassen, så buktene skal være presise og trange.




Alikavell så går det ikkje alltid som planlagt... :o)




Mange trær som i denne perioden henger tunge ned i elva pga masse nedbør, men det gjer det litt meir utfordrande og morsomt :o) 


Mange ting som ein fort kan henge fluga i, ikkje rart det i enkelte områder ser ut som eit pynta juletre :o)

Ved nedstrømmskast så var den mest vellykka fiskemetoden, fritt flyt med innslag av striping.
Arild med eit kast nedstrømms på fisk som står trygt inni buskane på motsatt side.


Ein av dei få som blei lurt av ein klinkhammer og dead drift.




Klinkhammer str 12.

Sniking og åling og fisken tok, men det var desverre verre med krokinga ;o/



Arild med ein Royal Wulf str 10, klarte tilslutt å lure ein av dei litt større som er busett i denne delen av elva.




Royal Wulf str.10


Kastet gjekk oppstrøms med ein blanding av fritt flyt og striping, og der satt den :o)    


Plutselig så var alle myggstikkene akseptable etter at denne flotte fisken på 42 cm låg i håven :o)

Tiltrass for myggstikk og lite aktivitet, så var det heilt okey å tilbringe kvelden i slike flotte omgivelser :o)

Mvh oss 2...



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar