lørdag 22. oktober 2011

Stille før stormen og rekord abbor på hogget...

Frustrasjonen har vært stor dei siste dagene.
Været har vært så dårleg som ein kan tenke seg, vind opp i 20 m/s, regn, hagl og berre dritt.
Ikkje akuratt det ein vil ha når ein skal på fri, og det klør som værst i kastearmen...


Til trass drittværet så blei det ein halvkvalt tur på mandag for Arild og meg etter lyren.
Havgapet på Sotra er ein plass der ein kan ta meget flott lyr, men ikkje denne dagen...



Etter 3-4 timer så var det berre til å legge inn årene og konstatere at vinden ikkje var heilt på vår side denne dagen desverre :o(
Sotra er og blir værhardt, og det blåser MYKJE!

Hverken tirsdag eller onsdag gjekk inn i historiebøkene når det kom til bra fiskevær.
 Masse vind, haglbyer og nordavind gjorde ikkje akuratt susen, og sjølv om halve dagen på onsdag gjekk med til å vugge opp og ned ombord i kajakken, så kan ein ikkje akuratt skryte av fiske...


Men så kom torsdag, og kursen blir satt om.
Værmeldingen var nordavind, 5-6 m/s,  6 heile gr, regn, hagl og litt sol.
Og når resten av veka ser ut til at skal bli dritt, så blir ein meget fornøyd med slike meldinger :o)
  
Til trass for hagl og sur nordavind, så var kajakken klar for ein dags fisketur.
Lufttempen var 5 gr og likedan til sjøs.
Flo skulle det ikkje være før kl.17.11, og vist eg skal være ærlig så hadde eg ikkje den store trua på at mr.Bass ville vise seg denne dagen.

Men der skulle eg ta veldig feil...

Etter ca 3 tima så var floa på god veg opp.
Den første plassen ga ingen resultater, så det var på tide med plassbytte og ny tur i kajakken.

Ved neste stopp så begynnte eg med ein chatruse clouser, TMC 811S str 1.
La det første kastet 3 mtr utforbi meg mens eg mumla, hadde vært kult viss ein havabbor hadde tatt clouseren.

Og idet eg løfter clouseren opp av vatnet, så ser eg ein grå rygg som raser etter.

Sjølv om overraskelsen var meget stor, så klarte eg å tenke kjapt og legge kastet på nytt like langt ut i den retningen eg ser fisken svømmer, og ved kun å føre clouseren med stanga så smeller det på i den andre enden.

Eg ser at abboren tar, og idet eg setter krokken, er det berre ein eksplosjon i den andre enden.
Abboren tømmer linekurven min VELDIG fort og eg blir stående igjen uten å heilt skjønne kva f**n som nettopp skjedde :o)

Mr.Abbor ga seg ikkje uten ein bra kamp, men den måtte til slutt gje tapt til min store fornøyelse.

Abboren målte 62 cm og var smellfeit. At den var over 2,5 kg+, var eg ikkje i den minste tvil om, men ikkje det viktigste i denne sammenhengen :o)
62 cm havabbot tatt på chatruse clouser

Etter eit par minutter i stillhet, så var det berre til å fortsette.
Vinden hadde no roa seg litt, og sola kom fram i  eit par minutter, absolutt eit pluss.

Eg hadde håpa at kanskje fleire skulle helse på i dette området, men clouseren ville dei ikkje ha.
Eg bytta dermed over til ei teppesild-imitasjon på 11cm.


Ofte på denne tida av året så har me oppsevert meir overflat aktivitet enn ellers i sesongen.
 Ifjor hadde me knallfiske på Sø og torpedo-lyr i midten av november som jaga brisling og dette i minus 1gr.
Samtidig som at brisllingen har fått spist seg større og feitare, og sjølv om eg ikkje såg jaginger denne dagen, så ville eg prøve.

Første kastet ga ingen resultater, andre kast blei pga vinden tvungen i stikkmotsatt retning.
Lot den synke i 5 sek pga det grunne området.

Begynnte rykkvis raske inntrekk.
Denne imitasjonen viste eg funka fint, den bevegde seg perfekt som ein skadd fisk, og det syntes abboren også.

Etter 5 inntrekk, så stoppa alt opp. Ei lita stund så tenkte eg stor lyr, men den mistanken forsvant fort.
Sidan den tok langt ute, tok det ikkje lange stunda før linekurven var tom, og eg kunne begynne å kjøre fisken på snella :o)

Resultatet var atter ein gong ein illsint, smellfeit, nydelig abbor på 62 cm :o)

Nydelig abbor tatt på ei 11cm lang teppesild imitasjon...
   


Det skjedde ikkje meir på denne plassen, så eg gjekk bort mot kajakken.
Etter at eg hadde pakka da vesle eg hadde, så syntes eg plassen kajakken låg på, såg meget fristande ut til å prøve.

Det var grunnt vann, så med synk 3, kunne eg ikkje vente for lenge før eg begynnte inntrekkene.

Første kastet med teppesilda ga meg eit dunk.
Eg lot streameren ligge død, før eg fortsatte inntrekket, men den einaste som ville smake var ein  liten lyr.

Kast to gjekk ut på samme plass. Eg begynnte inntrekket etter få sekund, og der stoppa det atter eingong!!
Denne gongen som mange andre gonger, så var det ingen tvil.

Mr.Abbor hadde atter ein gong tatt teppesilda av craftfur.
Men her var det null muligheter for kontroll.

 Etter å tatt det lille som var av lausline, så berre fortsatte abboren og gå, eg hadde ingen mulighter til å holde den igjen, og eg skjønnte fort at denne var større enn dei andre.
 Og når eg trudde eg hadde fått kontroll, fått inn nokre meter med line, så raste han ut igjen.

Slik dreiv me på i 10-15 min, armane begynnte virkeligt å kjenne det, men kven bryr seg...
Og når abboren begynne å bli trøtt, og eg fekk den nærmere land, så ser eg størrelsen på denne skjønnheten.

Den er svær!!

Men eg ser også at streameren ikkje sitter veldigt bra, og veit at den fort kan rive seg laust.
 Eg kan ikkje sei at frykten for å miste den blir mindre når den finner ut at den skal ta seg ein tur til på 10 meter...

Tilslutt så gjer den opp, og sidan kajakken ligger rett ved sia av, så har eg også Mclean-håven klar.

Fisken måler 77 cm og vekta stopper på 4 kg!!! Fy F**N for ein feit jævel :o)
Og her står eg heilt åleine, med min til nå rekord-abbor på 4 kg, og uten min beste venn til å ta bilde av fisken :o(

Jaja, eg tok eit par kjappe bilder av fisken mens den ligger i vatne, og ga han friheten tilbake og takka for ein fantastisk kamp :o)

77 cm og 4 kg abbor tatt på teppesild av craftfur...

Og om Poseidon vil det, så får me kanskje helse på fleire igjen i neste fri-periode, og då er også Arild tilbake, så kanskje bilde kan bli tatt på ein skikkelig måte med ein av oss ilag med fisken:o)

 
Skitt fiske til alle der ute :o)

Mvh JonnyS...

tirsdag 18. oktober 2011

Oxford Gold, perfekt til teppesild...




Oxford Gold er eit spennande organisk øl med smak av frukt som trigger ganen til å rope etter meir.


Grunnen til dette, kan være den lille fruktsmaken som i ca 3 sekund vekker eins nysgjerrighet, etterfølgt av ein liten men nødvendig bitterhet, og pga nysgjerrigheten, må du berre fortsette å smake og whops så må du ha ein til :o)

Dette er eit lyst øl som er lett å drikke, men allikavel med fleire spennande smaker som absolutt kan anbefales til både damer og menn :o)

Ein streamer som er perfekt å binde mens ein nyter denne øla, er teppesild :o)

Craftfur teppesild. 11 og 7 cm...

Eit par kjappe fakta.

* Brygget i England.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 4.6
* Pris: 37.50.-


mandag 17. oktober 2011

Duff Beer frå serien, Simpson...

Det Tyske populere ølet frå Simpsons e veldigt lett og drikk.
Det låge kullsyre innholdet gjør den lett + at ein ikkje går rundt og rapper heile tida :o)

Den har ein lett søt kornsmak, med ein anelse liten bitterhet som må være tilstede.
Severes kald rett frå kjøleren.

Kan med god samvitighet annbefale denne til damer som vil ha ein lys lett drikkende øl...
Par kjappe fakta.
* Tysk brygga.
* Kjøpes på Vinmonopolet + div daglivarebutikker
* Alc % 4.7
* Pris:
     

The famous,Teddy Porter Stout...


Teddy porter er i likhet med Guinnes, eit meget mørk maltøl.
Forskjellen er at Teddy Porter har ein litt rundere smak og null skum :o) 

Som dei fleste mørke maltøl, så er også denne heilt tam på kullsyre, akuratt sånn det skal være :o)
Og er du glad i sjokolade så passer det faktiskt perfekt til denne Stouten...

Uansett, viss ein liker Guinnes, så liker ein Teddy Porter også :o)


Par kjappe data.

* Engelsk brygga
* Fås kjøpt på vinmonpolet.
* Alc % 5.0
* Pris: 36.10 NOK


søndag 16. oktober 2011

Belgiske, Duchesse de bourgogne...



 Duchesse de bourgogne minner ein del om mjød.
Forskjellen e at mjød e litt for over søt kvalmende, mens Duchesse de bourgogne har ein ganske, sur søt bitter smak.

Dette gjør den også ein smule tung og drikke.

Kullsyre innholdet e faktiske meget bra, men resten blir rettogslett ikkje riktigt for mine ganer :o/
Føler ikkje at smakene henger sammen...

Par kjappe fakta.

* Belgisk brygga.
* Fås kjøpt på Vinmonopolet
* Alc % 6.2
* Pris: 57.50 NOK

Beklagelse!!!


Etter at Arild og eg har begynnt med denne bloggen, så har det vært mange lesere som har vore innpå sida.
Dette er absolutt noko som me set stor pris på, og eg håpe det er vetigt og lesleg det som me legg ut.

Men i går såg eg at eg har gjort ein liten tabbe inne på innstillinger.
Eg har glømt og kryssa av for at folk kan legge ut kommentarer :o(

Viss det er nokon som har prøvd og gje ein kommentar uten noko repons, så beklager eg dette.
Det blei ikkje gjort pga at me ikkje vil høyre folks meininger, men pga at eg er analfabet innen data!!!

Dette er no blitt fiksa, så me håpe folk prøver igjen viss interesse :o)

 Hilsen datanerden :o)

lørdag 15. oktober 2011

Nye smaker...

I alle år som me har vore rundt omkring og fiska, så har me alltid hatt gleden av å nyta øl, eller anna brunt, etter ein lang og flott fiskedag.

Sjølv om Cognac er ein fast gjest hos mange, så er det vel ingen hemmelighet at øl er den drikken som det oftest blir drukke mest av.

Men no i det sista så har me begynnt å bli lei av den samme gamle ølsmaken, og har dermed funne ut at det er på tide å utforske dei store markedene innen ølproduksjon.

Dette betyr ikkje at me skal reise land og strand for å lære om dei forskjellige typane, neidå, me skal berre drikke litt meir av det store utvalget som me har på vinmonopolet og andre butikker :o)
Etterpå skriv me litt om det her.

Det blir også lagt ut litt om forskjellige Cognac`er som me liker :o)

Mvh JonnyS & Arild. 

Innis & Gunn Oak Aged Beer.

Innis & Gunn har ein mild, søtsmak av honning, noe som dermed gjør den utruleg lett å drikke :o)
Innis & Gunn har truffe meget bra med kullsyre i Oak Aged Beer, noe som dermed gjør at inntaket kan gjøres uten store problemer  :o)
Den er absolutt god rett frå kjøleskapet, men som Cognacen, så kjem smaken mykje meir fram etter at den har fått romtemperatur.
Det er her du vil kjenne den søte honningsmaken etterfulgt av ein liten bitterhet som også er flott avbalansert :o)
Kan absolutt anbefales til alle glade øldrikkere 
Eit par kjappe data.
* Innis & Gunn fåes kjøpt på vinmonopolene  her i landet.
* Alc % 6.6
* Pris: 37.90.-

søndag 2. oktober 2011

Flott slutt på en perfekt uke...


Då var denne friperioden over, for meg desverre.
Eg og Arild har hatt ei veke med kjempefiske, og viss været tillater det,
så kommer han til å ha 2 veker til :o)

Siste turen denne veka hadde me i går.
Og det gjekk som planlagt.


Det var 168 cm over normalen ved flo.
Kraftig vind frå sør, sol og grumsete vatn.
Luft-tempen var frå 17 - 20 gr. Altså heilt perfekt for abborfiske :o)

Me skulle ha oss ein kopp kaffi før me skulle sette inn det siste støtet.
Arild var berre eit par åretak i frå der eg var.

Kastet mitt gjekk skrått langs land.
Stanga under armen, og eit samenhengende kjapt inntrekk.

2 mtr frå beina mine, ser eg ein mørk skygge som kommer etter Clouseren min.
Og denne bommer ikkje.
Abboren tar streameren og setter ut igjen mot djupet.

Etter ein morsom fight, så holder eg ein flott, 53 cm abbor i kjeven :o)


Abbor nr.2, for dagen sitter på kroken ca 1 time seinare.

Den orange clouseren kjem jiggende inn i mot land med abboren etter.
Eg speeder opp farten i ca 1,5 mtr før eg stopper opp og lar den synke mot bunn.

Skjønnheten snapper til seg clouseren,
men i det eg setter kroken, så kommer det ein ekspolsjon uten like :o)

Desse fiskane meine virkelig alvor når dei først setter i gang. 
Og etter ein god kamp så er den fanga i klypa mi.


Etter dette, så skjer det atter ein gong lite.
Me pakker utstyret og takker Poseidon for ei flott veke :o)


fredag 30. september 2011

Frå drit vær og bom, til sol og suksess...


Me møttes før det blei lyst og fekk begge kajakkene på ein bil.
Været var som vanlig her i vest,  regn, regn og atter regn.

Siden me begge hadde fri var planen klar, det skulle fiskes etter havabbor.
Turen blei planlagt til Norhordaland og Matre-området.

Dette er en kjent plass for abbor, men det er ikkje berre å håve opp.
Fjorden er stor og plassane mange, både frå land og i kajakk.





Sidan havabboren i dette området beveger seg masse, så begynte me fisket frå land.
Desverre så er det ikkje mange plasser å stå her, så viss ein ikkje er keen på å stå på den samme plassen heile dagen, så er det veldigt kjekt med kajakk eller båt :o)


Rolig, men regnfull dag...

Me brukte ikkje lange tida på land.
Det skjedde ingenting mens me sto der, null overflateaktivitet og kun eit par makrell og 5 knurr som var interessert i streamerane våre.

Desverre fortsatte det slik sjølv når me var komt ut i kajakkane.
Om dette hadde noko med at tåka låg lenge og lågt er vanskeligt å seia, men abboren viste seg ihvertfall ikkje.

Me fiska.
 Høgt, intermidiet.
 Midtsjikte, synk 3.
 Djupt, heil synkeline, synk 7.

Men ingenting :o(

Litt feil å sei at me fekk ingenting.
Arild konsentrerte seg om den motsatte sia av fjorden, mens Jonny saumfarte fjellkanten på sin side.

Jonny:
Eg kom til eit område som såg veldigt giftigt ut.
Eit område der det hadde gått eit steinskred, og som også inneholdt alt ein abbor likar.
Rask veg til djupet, masse gøymeplasser og plenti med små fisk som er nam nam for mr.Bass :o)

Eg la den chatreuse-farga clouseren min fint langs kanten.
Lot den synke litt, før inntrekkene begynte.

4 trekk og BANG...
Det gjekk ikkje lang tid før eg var sikker på at dette var dagens første abbor.
Lauslina blei fort dratt ut av fingrane mine, og den fortsatte på snella.
Viss eg prøvde å holde igjen, så drog den kajakken med seg.

Eg var sikker på at eg hadde ein av dei store på den andre sida av lina, noko som iogforseg var heilt riktig.
Men for meg, så føltes det nesten som ein skuffelse, men allikevel utrulig morsomt :o)


Arild:
eg hørte ropet til Jonny og satte kursen mot han. Når eg nesten var framme får Jonny fisken opp og det viste seg å være ein flott lyr på ca 4,5 kg.

Resten av dagen var lite interessant.
Me flytta oss ein god time frå Hope, men allikavel fekk me berre masse smålyr og ein og anna makrell.
Då mørket begynte å nærme seg, var det på tide å pakke kajakker og stenger og vende nasa heimover...



Idag så var det opp tidleg. Kajakkane på tak og avgårde atter ein gong.
Bomturen i går hadde gjort oss tørste på revansje.

Då me kom fram til plassen, var det allerede godt i gang med å gå opp til flo.
Utstyret blei gjort klart i ein fei, og avgårde bar det.

Forholdene var perfekte.
Hard søravind, springflo, sol og varmt.
Kva meir kan ein ønske når ein er på jakt etter mr. Abbor :o)

Pga vinden, så var det ikkje enkelt å fiske frå kajakkane,
så i dag var desse berre eit framkomstmiddel for å komme seg til plassar som ein kunne fiske frå.

  Pga trangt om plassen, så står ein eit stykke frå kvarandre.
Men dette er absloutt ikkje negativt.
Istadenfor at ein er 2 på samme plassen, så får ein prøvd forskjellige plasser.

Og idag så gjekk det ikkje lenge før ting skulle skje på begge plasser.

Jonny:
 Eg hadde hatt ca 10 kast med ein chartreuse clouser, før eg bestemmte meg for å skifte over til ein orange clouser, og på det første kasstet så smalt det i den andre enden av stanga.

YES!! Abbor nr 1. har tatt clouser`en min :o)
Det er ingen vits i å rope på Arild, så  istendenfor løfter eg handa for å signaliser om fast fisk.
Idet eg trekker handa mi ned igjen, så løfter Arild si hand opp.

Han har på ein SVÆR abbor.

Arild:
Denne bommer på første forsøk.
Flua går kjapt ut igjen der eg ser fisken forsvinner, og etter 4 trekk, så smeller abboren på.
Har fisken inn mot land før den setter ut i ett lite men brutalt utras før eg får den mot land igjen og ser str på den, og det var det før den stikker :o(

Det einaste Jonny høyre e Fxxn, og skuffa klasker eg hendene i lårene...der mista eg ny rekord!!

Jonny:
Mens alt dette pågår, så har eg fått min inn.
Ikkje den største, men allikavel utruleg deilig :o)





Men det går ikkje lengre tid enn at eg akuratt har fått satt min ut igjen, før eg ser at Arild står med stor bue på stanga.

Arild:
Denne gongen har abboren tatt på hurtigt inntrekk, og hugget var berre heilt ekstremt.
Alt stoppa, og før eg fekk tenkt meg om, så satte fisken av gårde og gjorde dagen heilt fantastisk :o)

Desverre ingen bilder av denne skjønnheten, men fisken var 1,8 kg og smellfeit :o)
Prøvde å filme utsettingen, men det blei ikkje heilt som planlagt desverre...
Men neste gong så blir det betre :o)

Jonny:
Kort tid etter så var det min tur igjen.
Kast 1, går akkurat der eg vil, over ei grunne som igjen forsvinner ned i djupet.
Legger stanga under armen, og begynner med kjapt sammenhengende inntrekk.
Ein lyr prøve seg idet clouseren kommer inn mot beina mine.

Kast.2 går akkurat på samme plass.
Men denne gongen så ser eg berre ein svær abborkjeft som prøver å ta clouseren.
Han bommer på første forsøk,
eg stopper opp, og idet clouseren synker så snur abboren, og iløpet av eit brøkdel av eit sekund, så har skuffelsen snudd seg til å bli ein stor glede :o)

På få strakser så har abboren tømt linekurven min og etter det så er det snella som gjør jobben.
Vel i land så måler den 60 cm.


Etter denne, så blei det veldig roleg. Jonny hadde ein følgefiske etter heilt på slutten, men den blir nok skremt.
Sola traff rett i ryggen, og dette gjorde at skyggen var rett i det området abboren kom etter surf candyen.
Men uannsett så har dette berre vært ein kanon flott dag


Idag så var det synk 3 på oss begge.
Dette er ein flott synkgrad å bruke når du vil fiske både djupt og høgt.
Inntrekkene gjekk for det meste ut på å variere mellom kjappe og rolige inntrekk.
Men stang under armen ga oss også flotte resultater.

Streamere som me brukte var.
Jiggi.
Clouser.
Surf Candy.