søndag 24. juni 2012

Jølstra. Ei nydelig vestlandselv...

 Turen til Jølstraholmen Camping gjekk fint og me tok ein kjapp tur innom elva før me fann hytta.
 Elva målte nesten 11 grader rundt midnatt og 4-5 fisk stod steady og vaka på mygg :o)
Opptimistane i oss våkna, og etter 2 øl og ein liten finpuss på utstyret, var det tid for å finne senga.

Me skjønte fort dagen etterpå at vinden kunne bli eit lite problem, så dermed ville me begynne i området rundt jordbrukskulen.

Flotte tørfluestrekke ved jordbrukskulen...


Klokka var fortsatt tidleg på morgon og sidan været var så fint, tok me likså godt med oss frukosten til elva.

Eggerøre med bacon til frukost. Blir ikkje betre :o)



Me er vant med at Baetisen i desse trakter begynner å vise seg mellom kl.1100 og 1200 og sidan det var denne krabaten me ville hilse på, var det berre til å sette seg ned og ha tolmod:o)
Baetis Rhodani dun...

Det var ikkje lenge me måtte vente før ting begynnte å skje.
Det første tegnet er ofte ikkje hverken å sjå fisk eller døgnflue, men masse svaler og linerler som begynner å fly lavt ned til elva med dei mest utrulige manøvrene som ein kan sjå.
Og berre minutter etterpå så begynner ein å sjå vakre små vimsete skapninger som kjem opp frå det rennande vatnet :o)

Desverre så vart det ikkje den store baetis-klekkingen som me hadde sett for oss, men enkelte fiskar var fornøyd med det vetle som kom av baetis og desse var heller ikkje vanskelege å be når ein først traff riktig bane :o)


Arild sniker seg opp mot målet :o)

Første kast på steady fisk...
Deilig med første baetis fanga fiske :o)

Ikkje stor, men sterk og smellfeit :o) 

Nytt vak nye muligheter...

Og der gjekk det på ein finere fisk :o)
Vakende fisk i strømkanten :o)
Friheten kommer fort tilbake :o)




Etter dette, så skjedde det ikkje så mykje meir denne dagen innen klekkinger av typen baetis desverre, og når me attpåtil såg eit par Ephemera aurivilli, blei me i eit lite sekund litt bekymra for at me hadde havna midt i mellom klekkinga desse to artane.
Det vil då ofte sei at det blir ein liten pause på overflate-aktivitet før aurevillien kjem skikkeleg igang :o/
Ephemera aurivilli...

Neste dag våkna me opp til at det skjedde ingenting!!!
Me flytta oss frå den eine plassen til andre med eit håp om at me skulle finne klekkinger og vakende fisk, men ingenting.
Kaffi og sjokolade blei ein mager trøst.

Men så kl.1530 skulle moderjord våkne til liv.
Plutselig så begynnte det å poppe opp aurevilli frå elva og det tok ikkje lange tid før fisken skjønte dette også.
Det som me ikkje eingong hadde drømt om skulle skje, skjedde. Me snakker ikkje klekkinger av dei store dimensjoner, men nok til at fisken begynnte å vake steady på elvas gull og me skulle få gleden av dette :o)

Nydelig strekke ved jordbrukskulen...




Eit flott eksemplar på 37 cm frå Jølstra :o)

Endå ein flott ørret frå Jølstra :o) 
Vakker fisk på 37cm frå områdene ved garasjen :o)
Ein favoritt plass som huser mang ein flott ørret:o)





Finare fiske kommer til syne ved aurevillie klekkingen :o)


Velfortjent øl etter ein vellykka fiskedag :o)

Når denne dagen var ferdig, så var me begge enige om å bruke morgondagen lenger oppi Jølstra, med eit håp om like bra fiske der.
Dei siste dagane så har vinden vore så kjip i desse områdene og dermed også gjort fisket nesten umuleg med tanke på tørrfluefiske, men denne dagen var vinden moderat og dermed var plassen klar for å bli innvadert av to fluefiskere. 


Grustaket i Jølstra. Oppstrøms...
Nedstrøms...
Denne dagen slapp me å gå i fleire timer og vente, for berre minutter etter at me kom fram til plassen rundt kl.10.30, så begynnte måsen å sveve lågt ved elva.
Dette er eit fenomen som me har sett ved andre anledninger i t.d Nea også.
Måsen eller som dei seier i England " Seamoos " :o) driv og plukker opp aurevilli frå elva, ein ganske kul opplevelse og ein skulle nesten tru at fisken blir redd når dette pågår, men tydeligvis ikkje.

Etter at vi hadde skremt vekk 5 stk, kunne me begynne vårt fiske uten å bli forstyrra, og denne dagen skulle ikkje bli verre en gårsdagen :o)

Flott tørfluestrekke oppforbi grustaket...


Etter desse skrikhalsane blei det ein liten kaffipause...


Plenty og fiske på :o)

Fisken i Jølstra er garantert ein av dei sterkaste fiskena me er borti her på vestlandet. Dei gjer seg aldri!!! :o)

Vakkert eksemplar på 43 cm :o)


Vakande fiske 4 mtr frå land :o)

Og den tok på første flytet :o)


Ingen problem og komme seg fram til fiske plassene i Jølstra, men litt vandring kan det fort bli :o)

Flott plass for større fisk som vil jakte småfisk ved mørkets frambrud...

Arild med eit perfekt kast på vakende fiske. Kroking blei det også :o)

Jonny med fast fisk!!

Etter ein kanon dag ved elva, var det på tide med retrett til Bergen igjen. Me har hatt 4 fantastiske dager ved denne flotte perla i Jølstra og det blir garantert ikkje den siste. For min del så forlater eg elva på samme måte som eg alltid gjer, med drukna mobil og 14 nye dager med å få alle tlfnr tilbake :o/ Og Arild... Jaudå han lo lika godt som han alltid gjer når eg gjer noko dumt :o)

Skitt fiske frå oss 2 :o)

lørdag 19. mai 2012

Leptoflebia VS Baetis Rhodani...

Regn regn og atter regn, elvene har gått i frå å vere nesten tørre til å bli flomstore og sjølv om tirsdagen skulle bringe sol og lite vind så var det stillevatn som lokket mest denne dagen.

Framme ved vatnet så såg det nesten heilt dødt ut!!


Til tross for at vinden var bortimot perfekt så var fisken lite aktiv i overflaten, ein og anna fisk var det som viste seg, men det skulle ikkje ta lang tid før me skjønte at det var under overflaten at tingene skjedde.

Me gjekk langs land og spotta på fisk som stod med hode godt ned i mudderet og koste seg med lepto nympher som var på veg inn mot land for å kvitte seg med nymphe skallet.

Dette er eit vanleg syn i Ekso, men å få oppleve det i eit vatn som dette og så tett opp til land, var ganske spesielt :o)

Det tok ikkje lang tid før den første fisken ville ha den lett fortynnga nympha og sjølv om ikkje den var av den største sorten, 100.5 gr, så var det ihvertfall svar på at nymphene var eit riktig valg :o)

5 min seinare spotter Arild ein flott fisk som kommer i hans retning.
Han legger nympha i riktig område, venter litt med å gje den ein bevegelse, fisken reagerer og tillslaget er heilt perfekt :o)
Fisken gjer seg ikkje uten kamp men havner allikevel tilslutt i håven.
Den måler 47 cm og er i nydelig kondisjon :o)


One happy flyfisher :0))

Nydelig marmor blå/svart prikk rett bak auga :0)
   Etter at denne fort fekk sin frihet tilbake såg me masse fin fisk som gjekk i området me satt på, men dette betyr ikkje at fisken skal være enkel å lure.
Me hadde fleire gonger kast på fisk som kikka på imitasjonane våre, men som allikavel snudde få cm bak.

Eg bestemte meg for å flytte meg til ein anna del av vatnet som eg veit det går stor fisk og patruljera tett ved land. Allerede ved første kast så er det ein flott brunørret som tar nympha samtidig som den hopper høgt til værs, men denne kjenner eg ikkje meir enn eit par sec så er den av.

Eg legg kastet eingong til i samme bane i håp om at den ikkje kjente krokken nok til å bli skremt.
Begynner forsiktig inntrekket og idet eg begynner å tvile på at fisken fortsatt er der, strammer lina seg fint opp og eg gjer tilslaget.

Fisken gjer eit sprang til værs før den setter ut mot djupare vatn, men det tar ikkje lange tida før den skjønner at den har tapt og håven deretter er neste stopp :o)



Ein flott Regnbue på 48-49 cm ligger i vatne og kikker opp. Kroken blir raskt fjerna frå munnviken og fisken svømmer fint tilbake til sitt undervannsparadis.
Etter dette så er det tid for ein liten kaffipause.


Arild har komt bort til området som eg har slått leir i og legger seg ned for ein liten avslapping,
men det tar ikkje lang tid før Arild må til pers igjen. Ein flott fisk vaker seg oppover mot oss heilt kloss til sivkanten.


Han vader så langt ut som han tørr og legger forsiktig nympha i riktig bane, men ingen respons.
Fisken viser seg igjen, men denne gongen på veg tilbake der den kom frå!!?? Jaja då er det berre til å vente :o)

Med eit så er det ein flott fisk som viser seg midt mellom meg og Arild.
Arild legg sitt kast i den retningen som han trur den går, mens eg legger kastet 10cm frå vaksenteret og bingo!! Fisken tar nympha mi :o)
Men denne fisken har ikkje heilt skjønt kva som har skjedd, så den berre fortsetter å svømme rolig oppover.
Dette er ein nydelig fisk men eg klare ikkje å sjå om det er ein regnbue eller brunnørret og idet eg begynner å holde tilbake så skjønner den at det er noko som er galt og setter utover.
Eg klarer å veilede den inn ein gong, men når det andre utraset kommer så er den borte :o(
Men men sånn er livet og morsomt var det :o)


Dagen etter så er været meir baetis vær igjen, og etter eit par timer med masse fiskepreik og god service på Bergen Aktiv, går turen ut for å lure flotte brunnørreter på små baetis dun i ei lita lureelv som me pleier å reise til tidlegt på våren.

Eg skal ikkje skrive så masse her, unntatt at me hadde ein kanon morsom dag med masse flott fisk og bra med Baetis Rhodani klekkinger.

Håper bildene kan få deg til og drømme deg litt bort like masse som me koste oss langs elva ;o)

















Dette er ikkje ei lett elv o fiske i pga alle trær som står overalt, men for oss så er det det som trigger :o)

Skitt fiske frå oss 2...

tirsdag 1. mai 2012

Døgnfluer

Endelig - døgnfluer!!


Vi har sett dei før i år, men ikkje slik at fisken har brydd seg om dei. I helga derimot, var det baetis vær med regnbyger og litt ruskevær.
Det var kaldt og surt, men baetisen klekka og fisken begynte å vake på dei. Ikkje nåken store fisk å få, men dæsken det var gøy å fiske tørt i elv igjen :)

Her ein liten snutt Stein Atle satte sammen etter turen. Dette kan han!!

A & J