fredag 23. desember 2011

Julestemning i Eksingedalen...

Vi tok ein liten tur opp til Eksingedalen for og avlevere ei lita julehelsing til Bjarne
" The River-keeper of Ekso "
Etter ein slik tur så kan ein ikkje akkurat seia at julestemningen blei mindre :o)
Eksingedalen er ikkje berre vakker på sommerhalvåret, men også på vinterhalvåret.








God Jul frå JonnyS og Arild :o)

torsdag 1. desember 2011

Belgiske Silly Saison...


Ved første luktetest, får du inntrykk av honning og citrus, men når du tar den fyrste smaksprøven, så minner den litt om Westmalle.
Forskjellen er at denne ikkje er like sursøt. 

Når det kommer til bitterheten, så er den meget bra, du føler ikkje at den sitter i munnen resten av kvelden, som med Westmalle, og kullsyra er balansert akkurat slik den skal.

Alt i alt ein okey øl, men for meg så holder det med eit par
Eit par kjappe fakta.

* Brygget i Belgia.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 5
* Pris: 36.60.-

onsdag 30. november 2011

Østerriske Westmalle...


Dette Østerriske ølet lukter som vanlig Hansa Premium, men når den første smaksprøven svelges, sitter du igjen med ein liten følelse av ein sursøt aprikossmak etterfulgt av citrus og honning.

Ein klarer liksom ikkje heilt å bestemme seg for hvilke smaker som kommer fram.
Sjølv om smaken er morsom og litt intressant, så er ikkje denne heilt etter min smak.
Det er noke med den sure bittre ettersmaken, som ikkje heilt tiltaler meg.

Eit par kjappe fakta.

* Brygget i Østerrike.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 9.5
* Pris: 49.90.-

Hands nymph. Pink phesantail...

 


 
Hands nymph. Pink phesantail. Str 16

Dette er ei nymphe som me har bruke masse dei 2 siste sesongane, og som fisker utruleg bra sein haust og i vinterhalvåret.

At litt rosa dubbing skulle ha så mykje og sei for fiske, trudde eg ikkje før me prøvde pink phesantail.
Og den har vist seg exstra god i kalde perioder.
Denne har aldri skuffa, og der andre ikkje har funket, så har denne redda dagen fleire gonger.   
Nympha fisker bra både dead drift, og med små bevegelser.

Du treng:
Bindetråd: Hands, svart. 101 x 2.
Krok: Hanak jiggi. H 400BL str 16-14.
Hode: Gull tungstein.
Hale: Fasan.
Ribb: Kopper tråd.
Kropp: Fasan.
Dubbing: Rosa.

Mvh JonnyS & Arild...

Flashback nymph...

 Matrialene på flash back`en er:
 
* Krok. Hanak H 200BL str 16-18.
* Svart binde tråd.
* Tungstein eller Cyclops. Str 2-3mm. Gull, kopper, svart, rosa eller rød.¨
* Silver Flash som rygg skjold.
* Kopper tråd til ribb.
* Hareøre-dubbing av div farger.
 


Flashback nympha blei introdusert for meg første gong av min gode venn Lounes, og har etter det vært ein av mine favoritter som alltid er til stade i boksen.

Sidan vårt kortlinefiske ofte bedrives etter at tørrflue sesongen er avslutta, og dagane blir kortare og kaldare, så liker eg å fiske denne med farger som trigger fisken til å ta.

Dette er ikkje eit problem ved tidelig høst, når vanntempen fortsatt er nokolunde okey, men når ein begynner å kjenne kulden på tærne og ullgensaren blir eit must, så begynner desse fargane å komme til sin rett.

Skal ein bruke denne nympha i sommarhalvåret, bør fargane være litt meir duse og ikkje så skrikande. Om strømmane tillater det, bør ein bruke cyclops istedenfor tungstein.

 
Mvh JonnyS & Arild...

Runar`s CDC-reke...

Runar`s cdc reke. Str 8

Matrialene til cdc reka er:
 
* Krok. Owner Kappa. Str 6, 8 og 10.
* Monofilament bindetråd.
* Cdc. Orange, rosa, kvit eller naturell.
* Silver tinsel til kroppen.


Runar`s cdc-reke er kanskje ein av den beste rekeimitasjonane som me fisker med, og som faktisk etter vår meining, funke utruleg bra her på vestlandet etter sjøørreten også.

Når me fisker med denne bruker me; raskt inntrekk, små kjappe eller små rolige inntrekk, kjappe inntrekk med små stopp osv osv. Her kommer det nesten berre an på din egen fantasi :o)
Pga cdc`ens fine gange og bevegelse i vatnet, så fisker denne fortsatt meget bra ved inntrekkspauser, så ikkje vær redd for å ta lange pauser når du fisker med denne.

Fargane som har fast bosted i boksen er kvit, rosa, orange og naturell i str 6, 8 og 10.

Mvh JonnyS & Arild...

onsdag 23. november 2011

Dark Horse - Ørbæk



Dark Horse er ein øl fra Fyn i Danmark. Den ser veldig mørk og mektig ut, men er lett å drikke og har ein litt søtlig smak. Det smaker litt av kaffe og hint av nåke lakris aktig og er litt bitter, nåke som og kjem fram i ettersmaken.
Den er også økologisk, uten at det har så mykje å sei på smaken (trur eg).
Ein alt i alt god øl å drikke, både som den er og til lett mat.
Fakta: Kr 49,80,- på Vinmonopolet
Alc: 5%

Arild

torsdag 17. november 2011

Underlig jul - Nøgne Ø

Underlig Jul fra bryggeriet Nøgne Ø i Grimstad er veldig smakfull og gir ett hint av gløgg og navnet passar derfor bra. Det både smaker og lukter jul. Ein kjenner tydelig nellik, ingefær og andre julekrydder. Eg smakte på den både kald og ved anbefalt serveringstemp på rundt 10 garder. Og som dei fleste øl med mykje smak, kjem den meir fram ved høgare temp.

Det er litt bitter i smak både under og etter, men for dei som liker smakfulle øl er dette ein som er verdt å prøve. Eg personlig syns det er ein god øl ved riktig anledning, men det held med ett par. Når snøen daler ned og alt ligg til rette, kan nok denne gje den siste biten før julestemmningen er satt.
Fakta:
Alc:6,5%
Pris: 67 kr på Vinmonopolet

Arild         

tirsdag 15. november 2011

Hesjeøl. Haandbryggeriet...



Hesjeøl har ein gylden halvmørk farge, med ein søt snadder kornsmak, som sakte men sikkert går over til ein svak ettersmak av honning.

Den bitre ettersmaken er liten, men absolutt nødvendig.

Den kan fint serveres rett frå kjøleren, men viss ein lar den få litt temp, så vil smakene komme meir fram og blir dermed ganske spennande å drikke :o)

Serveringstipset på flaska seie 8 -10gr.  

Eit lite OBS OBS er at denne er lagret på flaska, så dermed ligg det ein del slam i bunnen av flaska.
La dette synke til bunns før du drikk den.
Kan bli litt ubehagelig for folket rundt deg viss ikkje ;o)

Dette hesjeølet er absolutt verdt å prøve...

Eit par kjappe fakta.

* Brygget i Norge.
*Kjøpes på Vinmonopolet.
* Alc % 6.5
* Pris: 37.50.-

lørdag 12. november 2011

Høstens/ Vinterens første binde kveld...

Det e vel ingen betre måte og bruke fredagskvelden på enn å preike fiske, flogemønster og bindemetoder med gode venner, mens ein sit bak bindestikka.

Sjølv om me mangla eit par stykker som ikkje kunne vere med denne fredagen, så blei det ein flott kveld og fleire slike kvelder kjem iløpet av vinterperioden :o)

Arild i full konsentrasjon...

Og så ein velfortjent kaffidråpe :o)

Sjøboksen skal fyllast opp :o)

.
Willy og Arild snakker kortlinenymphing :o) 

Arild med ei teppesild-imitasjon med craftfur under produksjon :o)

Snart klar for havet :o)

Runars cdc reke :o)

Ein jobber mens to slapper av :o)  

Willy i full konsentrasjon med ein tsjekker. Kanskje den skal dyppast i helga ;o)

Her løyse Cees og Jonny, verdensproblem :o)
Det blir ikkje lenge til neste gong, så viss det er fleire som vil vere med neste gong, så er dei hjertleg velkommen :o)
 Her blir det øldrikking, kaffi, brus og kanskje ein liten Cognac til kaffien også :o)


Takker for ein flott kveld gutter :o)