Frustrasjonen har vært stor dei siste dagene.
Været har vært så dårleg som ein kan tenke seg, vind opp i 20 m/s, regn, hagl og berre dritt.
Ikkje akuratt det ein vil ha når ein skal på fri, og det klør som værst i kastearmen...
Til trass drittværet så blei det ein halvkvalt tur på mandag for Arild og meg etter lyren.
Havgapet på Sotra er ein plass der ein kan ta meget flott lyr, men ikkje denne dagen...
Etter 3-4 timer så var det berre til å legge inn årene og konstatere at vinden ikkje var heilt på vår side denne dagen desverre :o(
Sotra er og blir værhardt, og det blåser MYKJE!
Hverken tirsdag eller onsdag gjekk inn i historiebøkene når det kom til bra fiskevær.
Masse vind, haglbyer og nordavind gjorde ikkje akuratt susen, og sjølv om halve dagen på onsdag gjekk med til å vugge opp og ned ombord i kajakken, så kan ein ikkje akuratt skryte av fiske...
Men så kom torsdag, og kursen blir satt om.
Værmeldingen var nordavind, 5-6 m/s, 6 heile gr, regn, hagl og litt sol.
Og når resten av veka ser ut til at skal bli dritt, så blir ein meget fornøyd med slike meldinger :o)
Til trass for hagl og sur nordavind, så var kajakken klar for ein dags fisketur.
Lufttempen var 5 gr og likedan til sjøs.
Flo skulle det ikkje være før kl.17.11, og vist eg skal være ærlig så hadde eg ikkje den store trua på at mr.Bass ville vise seg denne dagen.
Men der skulle eg ta veldig feil...
Etter ca 3 tima så var floa på god veg opp.
Den første plassen ga ingen resultater, så det var på tide med plassbytte og ny tur i kajakken.
Ved neste stopp så begynnte eg med ein chatruse clouser, TMC 811S str 1.
La det første kastet 3 mtr utforbi meg mens eg mumla, hadde vært kult viss ein havabbor hadde tatt clouseren.
Og idet eg løfter clouseren opp av vatnet, så ser eg ein grå rygg som raser etter.
Sjølv om overraskelsen var meget stor, så klarte eg å tenke kjapt og legge kastet på nytt like langt ut i den retningen eg ser fisken svømmer, og ved kun å føre clouseren med stanga så smeller det på i den andre enden.
Eg ser at abboren tar, og idet eg setter krokken, er det berre ein eksplosjon i den andre enden.
Abboren tømmer linekurven min VELDIG fort og eg blir stående igjen uten å heilt skjønne kva f**n som nettopp skjedde :o)
Mr.Abbor ga seg ikkje uten ein bra kamp, men den måtte til slutt gje tapt til min store fornøyelse.
Abboren målte 62 cm og var smellfeit. At den var over 2,5 kg+, var eg ikkje i den minste tvil om, men ikkje det viktigste i denne sammenhengen :o)
|
62 cm havabbot tatt på chatruse clouser
|
Etter eit par minutter i stillhet, så var det berre til å fortsette.
Vinden hadde no roa seg litt, og sola kom fram i eit par minutter, absolutt eit pluss.
Eg hadde håpa at kanskje fleire skulle helse på i dette området, men clouseren ville dei ikkje ha.
Eg bytta dermed over til ei teppesild-imitasjon på 11cm.
Ofte på denne tida av året så har me oppsevert meir overflat aktivitet enn ellers i sesongen.
Ifjor hadde me knallfiske på Sø og torpedo-lyr i midten av november som jaga brisling og dette i minus 1gr.
Samtidig som at brisllingen har fått spist seg større og feitare, og sjølv om eg ikkje såg jaginger denne dagen, så ville eg prøve.
Første kastet ga ingen resultater, andre kast blei pga vinden tvungen i stikkmotsatt retning.
Lot den synke i 5 sek pga det grunne området.
Begynnte rykkvis raske inntrekk.
Denne imitasjonen viste eg funka fint, den bevegde seg perfekt som ein skadd fisk, og det syntes abboren også.
Etter 5 inntrekk, så stoppa alt opp. Ei lita stund så tenkte eg stor lyr, men den mistanken forsvant fort.
Sidan den tok langt ute, tok det ikkje lange stunda før linekurven var tom, og eg kunne begynne å kjøre fisken på snella :o)
Resultatet var atter ein gong ein illsint, smellfeit, nydelig abbor på 62 cm :o)
|
Nydelig abbor tatt på ei 11cm lang teppesild imitasjon... |
Det skjedde ikkje meir på denne plassen, så eg gjekk bort mot kajakken.
Etter at eg hadde pakka da vesle eg hadde, så syntes eg plassen kajakken låg på, såg meget fristande ut til å prøve.
Det var grunnt vann, så med synk 3, kunne eg ikkje vente for lenge før eg begynnte inntrekkene.
Første kastet med teppesilda ga meg eit dunk.
Eg lot streameren ligge død, før eg fortsatte inntrekket, men den einaste som ville smake var ein liten lyr.
Kast to gjekk ut på samme plass. Eg begynnte inntrekket etter få sekund, og der stoppa det atter eingong!!
Denne gongen som mange andre gonger, så var det ingen tvil.
Mr.Abbor hadde atter ein gong tatt teppesilda av craftfur.
Men her var det null muligheter for kontroll.
Etter å tatt det lille som var av lausline, så berre fortsatte abboren og gå, eg hadde ingen mulighter til å holde den igjen, og eg skjønnte fort at denne var større enn dei andre.
Og når eg trudde eg hadde fått kontroll, fått inn nokre meter med line, så raste han ut igjen.
Slik dreiv me på i 10-15 min, armane begynnte virkeligt å kjenne det, men kven bryr seg...
Og når abboren begynne å bli trøtt, og eg fekk den nærmere land, så ser eg størrelsen på denne skjønnheten.
Den er svær!!
Men eg ser også at streameren ikkje sitter veldigt bra, og veit at den fort kan rive seg laust.
Eg kan ikkje sei at frykten for å miste den blir mindre når den finner ut at den skal ta seg ein tur til på 10 meter...
Tilslutt så gjer den opp, og sidan kajakken ligger rett ved sia av, så har eg også Mclean-håven klar.
Fisken måler 77 cm og vekta stopper på 4 kg!!! Fy F**N for ein feit jævel :o)
Og her står eg heilt åleine, med min til nå rekord-abbor på 4 kg, og uten min beste venn til å ta bilde av fisken :o(
Jaja, eg tok eit par kjappe bilder av fisken mens den ligger i vatne, og ga han friheten tilbake og takka for ein fantastisk kamp :o)
|
77 cm og 4 kg abbor tatt på teppesild av craftfur... |
Og om Poseidon vil det, så får me kanskje helse på fleire igjen i neste fri-periode, og då er også Arild tilbake, så kanskje bilde kan bli tatt på ein skikkelig måte med ein av oss ilag med fisken:o)
Skitt fiske til alle der ute :o)
Mvh JonnyS...